Pansermallar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pansermallar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Mallefisk Siluriformes
Overfamilie: Loricarioidea
Familie: Callichthyidae
Underfamilie: Corydoradinae
Slekt: Pansermallar Corydoras
Lacépède, 1803

Pansermallar (Corydoras) er ei stor slekt mallefiskar i pansermallefamilien. Dei er utbreidd i temperert og tropisk ferskvatn i store delar av Sør-Amerika, frå Trinidad til Argentina, og er den største fiskegruppa her. Amazonasbassenget er det viktigaste området, med dei fleste artane. Vitskapen kjenner til 142 artar; i tillegg kjem det eit vell av ikkje klassifiserte variantar og uregistrerte artar. Mange, både beskrivne og ubeskrivne artar, er populære som akvariefisk.

Ubeskrivne artar som vert haldne i akvarium vert ofte omtalt som C-artar. Desse er kjende, men er enno ikkje registrert vitskapleg.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Corydoras er små fisk, frå 25 til 70 mm. Dei har vanlegvis ein grå eller metallfarga (sølv med skjær av grønt eller blått) grunnfarge med varierande mønster i svart. Nokre artar har også markeringar i gult, oransje eller gull-farge. Kroppen har to radar overlappande beinplater på kvar side. Munnen er liten og sit på undersida, og har eit sett med skjeggtrådar framfor seg.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Corydoras lever vilt i småbekkar, langs breddene av større elvar, i myrer og i tjern. Dei skal helst ha ein del vegetasjon. Slekta er tilpassingsdyktig, men føretrekk tilnærma pH-nøytralt vatn og ei hardheitsgrad på 5-10 dH. Vasstemperaturen bør over lengre tid vera mellom 22° og 28° C. Dei fleste artane lever i stim på botnen, og er dagaktive. Dei finn maten sin i sand, grus eller detritus. Stimane er på frå tre til seks fisk, og opp til 30-40.

Hovudføden til Corydoras er botnlevande insekt og nokre makk. Dei kan òg ta litt plantemateriale. Stundom tek dei òg åtsel av andre fisk, sjølv om ingen artar har dette som nokon viktig bestanddel i kosten.

Hjå minst ein Corydoras-art (Corydoras aeneus) vert hoa befrukta via munnen. Observasjon av den såkalla T-forma hjå andre artar tyder på at dette er vanleg innanfor slekta.

Pansermallar i akvarium[endre | endre wikiteksten]

Corydoras schwartzi

Dei fleste artar pansermalle er enkle akvariefisk å halda. Dei går godt i lag med dei fleste andre artar, sidan dei korkje er aggressive eller særleg attraktive som bytte for større fisk. Det er tilrådd at ein bør ha dei i små stimar på 6-8 fisk for at dei skal trivast. Ein bør òg nytta fôr som søkk fort for at ikkje fisk i øvre lag av vatnet skal eta det før det rekk ned til mallane. Såkalla pellets er lette å få kjøpt i akvariebutikkar.

Pansermallar er hardføre, og klarar seg bra i nesten all slags vatn. Ein bør likevel prøva å halda nivået av nitrat nede, då dette kan skada skjeggtrådene deira. Skjeggtrådene kan òg bli skada av skarpkanta grus på botnen. Dei er dessutan følsomme for salt.

Det er ti til femten artar som lett leikar i fangenskap, og der ein får kjøpt oppdrettsfisk.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Rüdiger Riehl og Hans A. Baensch: Akvariets lexikon. 3. utg., Mergus Verlag, 1997.
  • Werner Seuß: Corydoras. Dähne Verlag, 1993.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]