Skjeggmeis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Panuridae)
Skjeggmeis
Skjeggmeis, Panurus biarmicus Foto: Wolfram Riech
Skjeggmeis, Panurus biarmicus
Foto: Wolfram Riech

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]Utbreiinga av Skjeggmeis
Utbreiinga av Skjeggmeis
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Skjeggmeisfamilien Panuridae
Slekt: Panurus
Art: Skjeggmeis P. biarmicus
Vitskapleg namn
Panurus biarmicus

Skjeggmeis (Panurus biarmicus ) er ein liten og sær sporvefugl. Dette er ein art i tempererte delar av Europa og Asia, finst òg på få plassar i Noreg. Skjeggmeisa er standfugl og dei fleste fuglane migrerar ikkje anna enn ved særlege kuldeperiodar eller ved andre raske miljøendringar. Dei er sårbare for harde vintrar, kulda kan ta livet av mange individ.

Dette er ein liten oransjebrun fugl med ein lang hale. Skjeggmeisa flyg mykje likt undulatar. Hannen har grått hovud og svarte teikningar som «mustasjar». Flokkar vil ofte avsløre nærvære i eit takrøyrbelte med sine karakteristiske «pingekall».

Denne arten er ein våtmarkspesialist, dei hekkar i koloniar i store takrøyrskogar ved innsjøar eller myrer. Dei et insekt på takrøyr om sommaren, og frø frå takrøyraks om vinteren, fordøyingssystemet er tilpassa å takle den særs forskjellige sesongbestemte dietten.

Skjeggmeisa er inga meis innanfor systematikken. Grunnen til meisenamnet kan vere likskap med stjertmeis. Etter Clementslista var arten tidlegare plassert i buttnebbfamilien,[2] men i følgje nyare forsking er dette ein unik songfugl - ingen andre levande artar synast å vere nært knytt til han. Derfor er han no klassifisert i sin eigen familie Panuridae.

I år 2021 blei skjeggmeis oppgradert frå kategorien nær truga til sterkt truga (EN) på norsk raudliste for artar.[1]

Video

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


    • Robson, C. (2007). Family Paradoxornithidae (Parrotbills) Pp. 292 - 321 in; del Hoyo, J., Elliott, A. & Christie, D.A. eds. Handbook of the Birds of the World, Vol. 12. Picathartes to Tits and Chickadees. Lynx Edicions, Barcelona.
    • BirdLife International 2008. Panurus biarmicus. In[www.iucnredlist.org IUCN Red List of Threatened Species. Version IUCN 2009.1]. Lest 28. juni 2009

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av skjeggmeis Panurus biarmicus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021
  2. Nedlasting av Clementslista frå desember 2008 lest 9. mai 2009]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skjeggmeis