Panzhihua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
攀枝花 (hanzi)
Pānzhīhūa pinyin)
Panzhihua20071028.jpg
Styresmakter
Land
Provins
Kina
Sichuan
Geografi
Flatevidd 7 440 km²
Innbyggjarar 1 100 800
Plassering
Location of Panzhihua Prefecture within Sichuan (China).png

Panzhihua er eit byprefektur som ligg sør i provinsen Sichuan i det vestlege Kina. Prefekturet har eit areal på 7 440 km², folketalet vart i 2007 berekna til 1 100 800. Innanfor bygrensene budde i 2004 688 200 menneske.

Byprefekturet Panzhihua omfattar tre distrikt (区 ) og to fylke (县 xiàn).

Historie og geografi[endre | endre wikiteksten]

Delar av Panzhihua var tidlegare del av provinsen Yunnan. Det gjeld dagens bydistrikt Renhe. Då Republikken Kina oppretta provinsen Xikang den 1. januar 1939, vart det som no er fylka Miyi og Yanbian del av den provinsen. I oktober 1955 vart provinsen Xikang oppløyst av regjeringa i Folkerepublikken Kina, og dei nemnde områda lagt tilbake til Sichuan.

Panzhihua er eit område rikt på naturressursar. Inntil 1960-åra var det heller tynt folkesett. Byen vart grunnlagt som «Dukou» i 1965. Året etter fekk byen stålindustri og voks raskt og var relativt velståande, medan resten av landet gjekk kraftig tilbake grunna kulturrevolusjonen. Seinare fekk området/prefekturet namnet Panzhihua, eit eldre områdenamn. Panzhihua er sterkt industrialisert, og er prega av gigantiske gruver, mange av dei dagbrot. Sørvest-Kinas største stålkompani finst her, i Kina under forkortinga «Pangang». Utanfor gruveområda er landet teke i bruk til jordbruksføremål.

Området har restar av dei gamle konglepalmeskogane som var habitat til kjempepandaen.

Panzhihua har togsamband med Chengdu og Kunming, og har ein kommersiell flyplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]