Papa John Creach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Papa John Creach

Statsborgarskap USA
Fødd 28. mai 1917
Beaver Falls
Død

22. februar 1994 (76 år)
Los Angeles

Yrke musikar, felespelar, skodespelar
Språk engelsk
Medlem av Jefferson Airplane

John Henry Creach, eller Papa John Creach (28. mai 191722. februar 1994) var ein amerikansk fiolinist som spelte for Jefferson Airplane (1970–1975), Hot Tuna, Jefferson Starship, Jefferson Starship - The Next Generation, San Francisco All-Stars (1979–1984), The Dinosaurs (1982–1989) og Steve Taylor.

Creach byrja å spele fiolin i barar i Chicago då familien flytte dit i 1935, og han vart etter kvart med eit lokalt cabaretband, the Chocolate Music Bars. Han flytta til Los Angeles i 1945 og spelte på Chi Chi Club, og arbeidde på ein passasjerdampar.

I 1967 spelte han i Parisian Room, då han vart «oppdaga» av trommeslagar Joey Covington. Då Covington vart med i the Jefferson Airplane i 1970, introduserte han dei for Creach, som vart invitert med i Hot Tuna. Publikumsresponsen på dette overtydde resten av Airplane at det var verdt å ta han inn i bandet. Han var med bandet dei neste fem åra. Han var seinare fleire gonger gjesteartist for Jefferson Starship.

I 1992 vart han eit av dei originale medlemmane av Jefferson Starship - The Next Generation, og spelte med dei til han døydde av hjarteattakk i 1994, 76 år gammal.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]