Paparoa National Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paparoa National Park
Pancake Rocks og blåsehol i Paparoa National Park.
Pancake Rocks og blåsehol i Paparoa National Park.
Styresmakter
Land
Region
New Zealand New Zealand
West Coast
Oppretta 1987
Geografi
Flatevidd
 - Nasjonalpark

305,6 km²
Koordinatar 42°5′″S 171°30′″EKoordinatar: 42°5′″S 171°30′″E
Tidssone +12 (UTC)
Næraste by: Punakaiki
Plassering
Paparoa National Park is located in New Zealand

Paparoa National Park ligg nord på vestkysten til SørøyaNew Zealand mellom byane Westport og Greymouth. Riksvegen State Highway 6 går langs parken.

Nasjonalparken vart oppretta i 1987 og omfattar 306 km²[1]. Parken strekkjer seg frå eller nær kystlinja til toppen av høgdedraget Paparoa Range. Ein separat del av parken ligg i nord og omfattar eit område kring elva Ananui Creek. Parken vernar om eit kalksteins- og karst-område. Det ligg ei rekkje grotter i parken, ei av desse er ein kommersiell turistattraksjon. Største delen av parken er skogkledd, og har ein svært variert vegetasjon. I 1995 fall ei utkiksplattform i parken saman, og fjorten menneske omkom.

Den vesle busetnaden Punakaiki ligg nær grensa til parken, ikkje langt frå den populære turistattraksjonen Pancake Rocks.

Opprettinga[endre | endre wikiteksten]

I 1976 hadde den ikkje-statlege organisasjonen Federated Mountain Clubs funne fram til den nordlege delen av Paparoa Ranges som eit potensielt verneverdig villmarksområde. I 1979 føreslo Native Forest Action Council ein nasjonalpark på 130 000 hektar, som skulle omfatta den nordlege delen av Paparoa Ranges og land mot nord og aust. Dette førte til slutt til at det statlege organet National Parks and Reserves Authority gav til kjenne at det såg på den vestlege delen av Paparoa Range som ein framtidig nasjonalpark. I mellomtida lukkast eit felles framlegg frå Institutt for vitskapleg og teknisk forsking (Department of Scientific and Industrial Research) og Nasjonalmuséet i å oppretta eit kjerneområde av stor økologisk interesse – skogane i den lågtliggjande karstsynklinalen – som Pororari Ecological Area i 1979.

Det første framlegget om ein stor park som også skulle innehalda villmarksområdet, vart forkasta, men etter sju høyringsrundar, og med hjelp frå andre miljøgrupper, mellom desse Royal Forest and Bird Protection Society, vart eit område på 30 327 hektar vedteke oppretta som Paparoa National Park den 23. november 1987[2].

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Parken har ein mangearta geologi og ulike landskapsformer som fjell, lågland og kystlandskap.

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Meir enn halve parken er best karakterisert som fjell-lendt, frå den austlege kanten av synklinalen til toppen av den største fjellrekkja.


Dei dominerande gamle klippene av granitt og gneis i Paparoafjella har ein nærare geologisk likskap til klippene i det fjerne Fiordland enn til hovudfjellrekkjene i Søralpane. Dette er fordi den alpine forkastinga har skilt dei frå dei opphavlege naboane sine gjennom dei siste 10 millionar åra[3].

Karst[endre | endre wikiteksten]

Elvene som renn frå Paparoa Ranges trengjer gjennom kalksteinsynklinalen (synklinal er den nedbøygde delen i ein falda berggrunn), og dannar underjordiske elveløp og utstrekte grottesystem, som er eit av kjennteikna til parken[2]. Dei største elvene er Fox, Pororari og Punakaiki. Av andre kjende elver er Cave Creek, der 14 menneske mista livet i ei ulukke i 1995 då ei utkikksplattform braut saman.

Elvejuva, som er omkrinsa av høge, skogkledde kalksteinsklipper, er tilgansvegar til det indre av karstlandskapa i parken. I mange av sideelvene er imidlertid juva tronge og bratte og har fossefall. Turre, mosegrode elvebreidder, karren (mindre karstflekker[4], synkehol (eller dolines),[5], blinde dalar og basseng der vatn kjem fram or grotter eller vert borte i synkehol, viser alle til dei komplekse underjordiske systema. Den vedvarande påverknaden av vatn som har trengt seg gjennom den løyselege kalksteinen har danna intrikate system av sjakter, passasjar og grotter. Skogen sikrar at desse prosessane held fram ved å avgi råtnande vegetasjon som opprettheld surleiken i det rennande vatnet. Det største topografiske kjenneteiknet i karstregionen er Barrytown synklinalen. Sandstein ligg berrsynt oppe i dagen på begge flankane i synklinalen, medan seinare danna grus og mudderstein dekkjer det lågare liggjande lendet i mellom. Desse heller lett eroderbare bergartene dekkjer underliggjande karst. Storparten av dei kjende grottesystema ligg på vestsida av sandsteinsynklinalen der drenasjen hovudsakleg går langs horisontale, svakare linjer i fjellgrunnen[3].

Kystregion[endre | endre wikiteksten]

Paparoa National Park markert med grønt.
Dei kjende «Pancake Rocks» i Paparoa National Park

Kystlinja i Paparoa er kjenneteikna av høge klipper som er skorne ut av bølgjene frå Tasmanhavet, med tronge viker og sandstrender innimellom. Utanfor kysten ligg små øyar og klippe-pilarar. Desse terrassene var ein gong øyer som vart ein del av hovudlanda då New Zealand heva seg over havet ganske nyleg i sin geologiske historie. Den best kjende attraksjonen langs denne kysten er Pannekakeklippene (pancake rocks) ved Dolomite Point, nær Punakaiki, der jamne lag av flat sandstein er eroderte slik at der somme stadar har danna seg basseng med sterke straumkvervlar, andre stadar blåsehòl[3].

Eit anna kjenneteikn langs kysten er ein koloni med den sjeldne sjøfuglen westlandpetrell eller tāiko, som held til i tett skogvaksne terassar like sør for Punakaiki river[6]. Hekkeområdet til westlandpetrellen ved Punakaiki er vorte klassifisert som eit viktig område for fuglar (Important Bird Area, IBA) av BirdLife International[7].

Strid om gruvedrift[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Paparoa National Park er verna mot gruvedrift gjennom lovverket, har det kome framlegg om å tillata avgrensa gruvedrift innanfor grensene til parken. Den 22. mars 2010 gav energiminister Gerry Brownlee og miljøminister Wilkinson ut eit høyringsnotat som inneheldt eit framlegg om å ta bort 7 058 hektar land som var verna i lova om mineralutvinning frå 1991 (Crown Minerals Act 1991), dette omfatta Inangahuasektoren i Paparoa National Park[8]. Dette området var 3 315 hektar, eller åtte prosent av parken, og stod no i fåre for at det kunne startast gruvedrift der[9].

Den 26. mars 2010 sa ein talsmann for energiministeren at ein ikkje ville sjå bort rå at det kunne verta gruvedrift i form av dagbrot Paparoa National Park[10]

Den 20. juli 2010 gav energiministeren og miljøministeren ut ei felles fråsegn i saka, der det gjekk fram at det var motteke 37 552 svar på høyringsnotatet, og at regjeringa hadde vedteke å ikkje fjerna nokon av desse landområda frå vern mot mineralleiting og -utvinning. Regjeringa ville elles arbeida vidare med planane om å verna nye 14 område på totalt 12 400 hektar, av dette 240 hektar i Paparoa National Park (det nordvestre tillegget)[11].

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Paparoa National Park. Department of Conservation Te Papa Atawhai. Vitja 16. september 2012..
  2. 2,0 2,1 Paparoa National Park Resource Summary. Department of Conservation (1990). Vitja 16. september 2012..
  3. 3,0 3,1 3,2 Paparoa National Park Management Plan. Department of Conservation (1992). Vitja 30. september 2012..
  4. Karst Geology: Karren. www.showcaves.com (2011). Vitja 30. september 2012.
  5. Karst Geology: Doline or sink hole. www.showcaves.com (2011). Vitja 30. september 2012.
  6. Westland petrel - tāiko. Department of Conservation (2006). Vitja 30. september 2012.
  7. Westland Petrel Procellaria westlandica Important Bird Areas factsheet: Punakaiki. BirdLife International (2012). Vitja 30. september 2012.
  8. Time to discuss maximising our mineral potential. New Zealand Government (22. mars 2010). Vitja 30. september 2012.
  9. Maximising our Mineral Potential - Summary of Government proposals. New Zealand Government (22. mars 2010). Vitja 30. september 2012.
  10. Open cast mining in Paparoa not ruled out. The Press (26. mars 2010). Vitja 30. september 2012.
  11. No land to be removed from Schedule 4. New Zealand Government (20. juli 2010). Vitja 30. september 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paparoa National Park