Paperback Writer
| «Paperback Writer» Singel av The Beatles |
||
| B-side | «Rain» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 30. mai 1966 | |
| Innspelt | Abbey Road 13. april 1966 |
|
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 2:18 | |
| Selskap | Parlophone (UK) Capitol (USA) |
|
| Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
| Produsent | George Martin | |
| The Beatles-kronologi | ||
| «Day Tripper» (1965) |
«Paperback Writer» | «Eleanor Rigby»/«Yellow Submarine» (1966) |
«Paperback Writer» er ein rockesong frå 1966 av The Beatles. Han er tilskriven Lennon/McCartney, men vart i hovudsak skriven av Paul McCartney og gjeve ut som deira ellevte singel. Singelen gjekk til topps i mange land, mellom anna Noreg, USA, Storbritannia, Vest-Tyskland og Australia. Songen er skrive som eit brev frå ein lovande forfattar til eit forlag, og vart dermed den første Beatles-songen gjeve ut i heimlandet som ikkje var ein kjærleikssong. Songen låg på Topp 10 på VG-lista i 10 veker, 4 av dei på førsteplassen.
«Paperback Writer» var ein av dei siste nye songane som vart spelt av The Beatles på den siste turneen deira i 1966.
Songen vart aldri gjeve ut på eit originalt studioalbum, men kom med på fleire samlealbum, mellom anna A Collection of Beatles Oldies... but Goldies (1966) og 1 (2000)
Innspeling [endre]
Songen vart spelt inn 13.-14. april 1966.[1] Songen vart skrive tre månader etter McCartney hjelpte John Dunbar og andre med å opprette ein bokhandel for Indica Gallery.[2]
«Paperback Writer» har ein markant bass gjennom heile songen, og McCartney fekk til denne effekten med å nytte ein høgtalar som mikrofon og plassere han føre basshøgtalaren.
Medverkande [endre]
- John Lennon: rytmegitar og støttevokal
- Paul McCartney: solovokal og bassgitar
- George Harrison: sologitar og støttevokal
- Ringo Starr: trommer og tamburin
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Paperback Writer» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: Steve Turner (1994) A Hard Day's Write: The Stories Behind Every Beatles Song – Harper Paperbacks. ISBN 0-06-095065-X.
- ↑ Stephen Hamel. Steves Beatles Page: Paperback Writer. Vitja 15. desember 2008.
- ↑ Paperback Writer by the Beatles Songfacts. Vitja 15. desember 2008.
| Føregjengar «Sloop John B» The Beach Boys |
Toppen av VG-lista The Beatles 6 veker, veke 21–26 1966 |
Etterfylgjar «Sunny Afternoon» The Kinks |