Far

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pappa)
Far og barn.

Far er ein mannleg forelder. Farskap kan mellom anna innebera å gje liv, omsorg og eigedelar til eit barn.

Det finst ulike former for farskap som kan kombinerast. Ein biologisk far er den som har gjeve halvdelen av arvestoffet til barnet. Ein som er far sosialt sett er ein mann som har hovudansvaret for ein unge. Ein adoptivfar er far til ein unge ifølge loven, men ikkje biologisk.

Farsrolle[endre | endre wikiteksten]

Biologiske fedre har ikkje eit like sjølvsagt naturleg band til ungar som mødre har frå byrjinga, i og med at desse går med ungen inni seg under svangerskapet og deretter gjerne ammar han. Dette ser ein mellom anna i farsskapssaker der det gjeld å fastsetja kven som eigentleg er far til eit barn.

Likevel finst det band mellom far og barn på same måte som det finst morskjærleik. Dette bandet kan ta til medan ungen er i moras liv og styrkast ved at faren steller og leiker med ungen frå han er fødd. Biologiske fedre kan føla slektskap ved at dei kjenner igjen eigne trekk i ungane sine.

Far i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Ordet «far» blir brukt i overført tyding, mellom anna innan historie og religion.

Ein mann som er opphavet til eit omgrep, til dømes ein vitskap, kan omtalast som faren til dette omgrepet. Ein som har stått på og frigjort eller forma landet sitt kan kallast landsfader.

I kristendommen blir den eine delen av treeininga omtala som far eller fader. Ordet er òg ein tittel for mange av dei som har kyrkjelege stillingar: Paven, patriarken for den ortodokse kyrkja og prestar innan den katolske og den ortodokse kyrkja.

Farsnamn[endre | endre wikiteksten]

Ord frå mange register blir brukte om fedre. På norsk er til dømes far eit nøytralt ord, fader meir formelt, medan pappa er eit koseord som kan oppfattast som barnsleg.

indoeuropeiske språk byrjar som regel ordet for «far» med p/f (t.d. hindi pitá, islandsk faðir) eller t/d (tsjekkisk táta, engelsk daddy) og har to stavingar.