Papua Ny-Guinea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Guinea (fleirtyding)
[endre]
Independent State of Papua New Guinea
Independen Stet bilong Papua Niugini

(norsk: Papua Ny-Guinea, papuansk)

Det papuanske flagget
Flagg
Nasjonalsong «O arise all you sons of this land»
Geografisk plassering av Papua Ny-Guinea
Offisielle språk Engelsk, tok pisin, hiri motu
Hovudstad Port Moresby
Styresett
Monarki
Elisabeth II
Sir Paulias Matane
Sir Michael Somare
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
462 840 km² (54.)
2 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
6 310 129 (105.)
13,6 /km² (172.)
Sjølvstende

  - Dato
Frå Australia
16. september 1975
Nasjonaldag 16. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
14 930 mill. USD (133.)
2 500 USD (146.)
Valuta Kina
Tidssone UTC +10
Telefonkode +675
Toppnivådomene .pg


Papua Ny-Guinea er ein stat på den austlege halvdelen av øya Ny-Guinea og fleire tilliggjane småøyar vest i Stillehavet. Landet ligg i verdsdelen Oseania og grensar til Indonesia i vest. Tidlegare var den nordlege delen av øya tysk koloni, medan den sørlege var britisk og seinare australsk koloni.

Kart over Papua Ny-Guinea

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har vore menneske på Ny Guinea frå sværet gamal tid. Ein har funne menneskelaga gjenstandar som kan vera kring 60 000 år gamle. Menneska kom truleg frå søraust- Asia.

Lite er kjend om historia til Ny Guinea før 1800-talet, sjølv om europeiske oppdagarar kom til området på 1500-talet. Den nordlege delen av landet vart i 1880-åra ein tysk koloni, Deutsch Neuguinea. Under fyrste verdskrig vart området okkupert av Australia som òg administrerade den sørlege delen av øya.

I 1975 vart Papua Ny-Guinea sjølvstendig. På øya Bougainville fanst det allereie då ei sjølvstenderørsle. Øya er viktig for økonomien til landet, i og med kopargruva der. I 1998 braut det ut opne stridar som skal ha kosta 20 000 menneskeliv. På øya finst det no fredsstyrkar frå fleire land. Det går føre seg ein fredsprosess som kan leia til ei folkerøysting om sjølvstende innan år 2010.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ny-Guinea har ein sentral fjellkjede som er skapt på same måte som Himalaya, ved at den indo-australske kontinentplata kolliderte med den eurasiske og dytta opp landet i treffpunktet. Denne sentrale fjellkjeda er så høg at ein finn det sjeldne fenomenet isbrear ved ekvator her.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Skogdekka fjellside som blir brukt til både jakt, matsanking og dyrking.

Som Australia og Antarktis er Ny-Guinea ein tidlegare del av superkontinentet Gondwana, som braut opp for 135-65 millionar år sidan. Det finst mange artar av plantar og dyr som er dei same eller minner om kvarandre på dei ulike landområda.

Derimot har mange av øyane som er delar av Papua Ny-Guinea, til dømes New Britain, New Ireland, Bougainville og Admiralty-, Trobriand- og Louisiade-øyane, aldri hatt landbruer til Ny-Guinea. På desse øyane finst få av pattedyra og dei flygeudyktige fuglane som Ny-Guinea og Australia har felles.

Barn badar ved pålehus i Koki i Port Moresby.

Ny-Guinea har eit vått tropisk klima, og har regnskog der indomalayiske plantar som spreidde seg over tronge sund har blanda seg med gammal australsk og antarktisk flora.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Det tropiske klimaet i landet gjev ein god del nedbør, men dei store fjellrekkjene gjer at ein har store variasjonar i kor mykje regn ein får og kortid på året regnet kjem. Temperaturane er høge i låglandet og endrar seg lite gjennom året. Port Moresby har ein årleg nedbørsnormal på 1125 mm, og er ein av dei tørraste stadane på øya. Dei fleste stader får 2000-3000 mm med regn kvart år, men i fjellområda kan ein få så mykje som 5000 mm. Dei høgaste fjelltoppane i dei vestlege områda har derimot svært låge temperaturar og er dekte med snø året rundt, sjølv om dei finn seg så nær ekvator.

Det meste av regnet kjem i kraftige byger, som regel i samband med torevêr om ettermiddagen og kvelden, men ein kan ha lengre periodar med regn i dei våtaste månadane. Vêret i låglandet er lummert og fuktg, men i høgareliggande strøk kan ein ha meir behaglege forhold. Det meste av øya er svært lite tilgjengeleg, og enkelte delar av øya er lite kjend og utforska.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Papua er eit malayisk ord for det krøllete håret til melanesarar og Ny-Guinea' kjem frå ein spansk oppdagar som meint urfolke på øya likna på dei som budde i Guinea i Afrika.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Papua Ny-Guinea