Papuaprovinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Papuaprovinsen
Plassering
Plassering av
Styresmakter
Guvernør Barnabas Suebu
Geografi
Flatevidd
317 062 km²
Innbyggjarar
 - Totalt
   - folketettleik

2 851 999
  9 /km²
Annan informasjon
Papua-provinsen i Indonesia.

Papua er ein indonesisk provins vest på Ny-Guinea (Vest-Papua). Han grenser til Papua Ny-Guinea i aust. Provinsen Papua Barat eller Vest-Papua (tidlegare kalla Irian Jaya Barat) var tidlegare ein del av Papua, men blei skild ut som eigen provins i 2003.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Rapport frå Australian Broadcasting Corporation i 1995 om innverknaden av tilflytting utanfrå til Papua-provinsen.

Dei opphavlege innbyggjarane i provinsen er mange ulike folkegrupper, som amungme, asmat, bauzi, dani, kamoro, kombai, korowai, mee, sentani, yali og yei. Tilflytting frå andre delar av Indonesia har ført til stor auke i innflytta folkegrupper.

Sidan 1990-talet har folketalet i Papuaprovinsen auka kraftig, Med ein årleg folkevekst på over 3 % har han gjennom mange år hatt den største folkeauken i Indonesia. Frå folketeljinga i 2000 til den i 2010 steig innbyggjartalet frå 1,9 til 2,9 millionar.[1] Auken kjem delvis av eit høgt tal barnefødslar per kvinne, men byggjer hovudsakleg på den høge tilflyttinga.

I folketeljinga frå 2010 rekna 83,15 % av Papua-innbyggjarar seg som kristne (65,48 % protestantar og 17,67 % katolikkar). 15,89 % var muslimar og under 1 % var buddhistar eller hinduar.[2] Mange papuanarar følgjer også animstiske tradisjonar.

Hovudstad og største by i provinsen er Jayapura. I tillegg til dei store indonesiske byane langs kysten finst også ei større innlandsbusetjing i og rundt Wamena i Palim-dalen i dei sentrale høglanda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Papuaprovinsen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]