Papyrus 46

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fotografi av P46 som syner 2 Kor. 11:33-12:9

Papyrus 46, som òg vert kalla P46, er mellom dei eldste handskriftene frå Det Nye Testamentet som er tekne vare på fram til i dag. Det er ei nesten komplett samling av apostelen Paulus sine brev og skal vere ei avskrift frå ca. år 200.

Det er ikkje kjent kvar skriftet vart funne. Dateringa av blada er gjort utifrå ein analyse av sjølve skrifta, paleografi. Men under alle omstende er blada det næraste ein kjem apostelen Paulus sine eigne ord.

Det er bevart 86 papyrusblad, men ein trur skriftet opphavleg hadde 104 blad. Dei 18 blada som er forsvunne er frå byrjinga og slutten av skriftet.

Papyrus 46 er skriven på gresk og inneheld dei siste 8 kapitla av Romarbrevet, heile Hebrearbrevet, nesten heile 1. korintarbrev og 2. korintarbrev , efesarbrevet, Galatarbrevet, Filipparbrevet og Kolossarbrevet, samt dei to fyrste kapitla av 1. tessalonikarbrev.

Enkelte av blada dukka opp i 1930 hjå ein egyptisk antikvitetsforhandlar i Kairo, der dei vart kjøpte opp av den private samlaren Chester Beatty frå London. I løpet av 1930–1935 vart resten av skriftet kjøpt opp av Chester Beatty og representantar frå University of Michigan. 30 av blada ligg i dag hjå University of Michigan, medan dei resterende 56 er hjå Chester Beatty Collection i Dublin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]