Paradeniz

Koordinatar: 36°18′N 34°00′E / 36.300°N 34.000°E / 36.300; 34.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

36°18′N 34°00′E / 36.300°N 34.000°E / 36.300; 34.000

Paradeniz (tyder «halvsjøen») er ein lagune langs kysten av Middelhavet i Tyrkia. Han er ein del av eit lagunesystem som består av fire innsjøar.

Paradeniz ligg i distriktet Silifke i provinsen Mersin, i deltaet til elva Göksu. Han ligg på vestsida av deltaet, sørvest for byen Arkum, nord for neset İncekum og aust for byen Taşucu.

Austsida av innsjøen ligg meir eller mindre parallell til kysten av Middelahvet. I snitt er innsjøen mindre enn 50 meter frå sjøen og i nrodaust er det ein smal kanal ut til sjøen. Saltinnhaldet i lagunen er 19 ‰, som er mindre enn saltinnhaldet i Middelhavet. Lagunen dekkjer kring 4 km² og middeldjupna er kring 1,5 meter.[1]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Paradeniz er i lag med omliggande område eit viktig område for hekkande og overvintrande vassfugl. Ein har tald 302 forskjellige fugleartar kring Paradeniz[2] Det vert òg fiska i Paradeniz. Ved å kontrollere den smale kanalen ut til sjøen, vert fiskane fanga. Mest kjend er Paradeniz for fangsten av blåkrabbe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Göksu
  2. Økologi, arkivert frå originalen 31. juli 2012, henta 16. august 2012