Parakittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parakittar
Blågulara Ara ararauna
Blågulara Ara ararauna
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Illiger, 1811

Parakittar er ein biologisk overfamilie, Psittacoidea, av ca. 330 fugleartar, taksonet samlar dei fleste artane i den biologiske ordenen papegøyar, Psittaciformes. Kakaduer, Cacatuoidea og StrigopoideaNew Zealand er dei andre medlemmene i ordenen. Parakittar har ei vidare distribusjon enn kakaduer, det finst artar av parakittane i Amerika, Afrika, Asia, Australia og austover over Stillehavet så langt som til Polynesia.

Begge parakittfamiliane kan delast vidare inn i underfamiliar, og underfamilie Loriinae, loriar er eit døme.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Parakittar er primært frøetarar. Somme artar varierer dietten og kan ta frukt, nøtter, blad og ved høve jamvel òg insekt og andre byttedyr hos enkelte artar. Loriar er hovudsakleg nektaretarar; men mange andre papegøyar vil også drikke nektar. Dei fleste parakittar er holerugarar som dannar monogame parsamband. Dei har eit nebb med ein karakteristisk, kraftig nedbøygd form, og ein generelt oppreist kroppsstilling. Dei har òg ein stor hovudskalle og er rekna blant dei mest intelligente fuglane. Dei lever i tropiske område, er gode flygarar og dugelege klatrarar på greiner av tre.

Parakittane er utbreidd over heile den sørlege halvkula, og dekker mange ulike habitat, frå dei fuktige tropiske skogane til ørkenar i innlandet av Australia, inkluderer òg India, Søraust-Asia og Vest-Afrika, og éin utdøydd art, levde i Sambandsstatane. Men dei store populasjonane finn ein i Australasia, Sør-Amerika og Mellom-Amerika.

Einskilde artar kan bli gode til å etterlikne menneskelege stemmar og andre lydar, med bruk av vokaliseringsorganet kjent som syrinx.

Mange artar er definerte som truga artar, nokre er ikkje globalt truga artar, men lokalt utrydda i store delar av utbreiingsområdet.

Denne situasjonen skuldast i hovudsak permanente endringar av habitata deira: uttømming, øydelegging og fragmentering, jakt fordi dei reknast som ein trussel mot avlingar og fordi ungar og ungdyr fanga frå reir i hekkekoloniar tradisjonelt har blitt selt som kjæledyr.

For å gje plass til meir jordbruksland, er store område med skog hogge ned, og dermed er habitata gått tapt. Krypskyting og ulovleg fangst som omfattar øydelegging av reir, innsamling av egg og ungefangst. Parakittar blir utsett for meir utnytting enn nokon anna fuglegruppe.[1] I somme område har tiltak for å verne leveområda til nokre høgprofilerte artar òg verna mange av dei mindre kjente artane som lever i dei same økosystema.[2]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Parakittar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]

Clementslista listar 78 slekter, fordelt på to familiar. 12 slekter av loriar i Psittaculidae er lista i artikkelen om loriar.

Parakittfamilien, Psittaculidae, parakittar i «den gamle verda»
Papegøyefamilien, Psittacidae, papegøyar og parakittar i Afrika og Amerika

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Snyder, N; McGowan, P; Gilardi, J; & A Grajal (2000), Parrots: Status Survey and Conservation Action Plan, 2000-2004. Chapter 1. vii. IUCN ISBN 2-8317-0504-5. Chapter 1. vii.
  2. Snyder, N; McGowan, P; Gilardi, J; & A Grajal (2000), Parrots: Status Survey and Conservation Action Plan, 2000-2004. Chapter 1. vii. IUCN ISBN 2-8317-0504-5. Chapter 2. page 12.
  3. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.9 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 12. januar 2015 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Parakittar