Tankerim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Parallellisme)

Tankerim eller paralellisme er eit litterært verkemiddel som går ut på å ta opp att den same eller motsette tanken med ulike ordval. Verkemiddelet er særleg kjend frå dikting frå Det nære austen, som i Salmane i Det gamle testamentet.

Ein finn fleire døme på tankerim i Salme 1 frå Det gamle testamentet:[1]

Versetal og tekst Tankerimtype
1 Sæl er den mann
som ikkje gjeng i råd med ugudlege klimaktisk synonymt 1
og ikkje stend på veg med syndarar klimaktisk synonymt 2
og ikkje sit i sæte med spottarar, klimaktisk synonymt 3
2 men som hev si lyst i Herrens lov synonymt 1
og grundar på hans lov dag og natt. synonymt 2
3 Han er lik eit tre
som er planta ved vatsbekkjer, syntetisk 1
som gjev si frukt i si tid, syntetisk 2
og som lauvet ikkje visnar på; syntetisk 3
og alt det han gjer, hev han lukka med.
4 Ikkje so er det med dei ugudlege; men dei er lik agner, som vinden føykjer burt.
5 Difor skal dei ugudlege ikkje standa seg i domen, synonymt 1
og syndarar ikkje i samlingi av dei rettferdige. synonymt 2
6 For Herren kjenner vegen dei rettferdige fer, antitetisk 1
men den vegen dei ugudlege fer, gjeng til grunns. antitetisk 2
Tankerim er eit typisk trekk ved nærorientalsk dikting. Det er særleg i hebraiske tekstar det er blitt omfattande bearbeidd, men verkemiddelet finst òg i akkadiske kileskrifttekstar.

Den vanlegaste forma for tankerim er synonymt tankerim der to linjer blir skrivne etter kvarandre med overlappande tankeinnhald. At dei to linjene er synonyme betyr ikkje at dei har nøyaktig same meiningsinnhald, men at dei i visse situasjonar kunne vore brukte til å uttrykka same meining. I dømet frå Salme 1:1 er til dømes ikkje ein «spottar» og «ein ugudeleg» heilt det same, men dei fungerer som synonym i denne samanhengen fordi dei representerer overlappande tankeinnhald.

Det motsette av synonymt tankerim er antitetisk eller invertert tankerim. Dette går ut på at ein uttrykker den same tanken med motsett forteikn i det følgjande verset. I Salme 1:6 finst eit godt døme, der den eine linja omtaler «vegen dei rettferdige fer» som noko positivt, medan den andre linja omtaler «vegen dei ugudlege fer» som noko negativt.

Ei undergruppe av synonymt tankerim er klimaktiske tankerim der valet av synonym utviklar seg i ei viss retning. Vers 1 byrjar med «gjeng i råd», utviklar seg til det meir involverte «stend på veg», og ender til slutt med «sit i sæte med».[2]

Ein meir omdiskutert type for tankerim er syntetisk tankerim, der den eine tanken byggjer vidare på den andre, som ein ser i Salme 1:3, der treet blir «planta», «er frukt» og «ikkje visnar». Å kalla desse tankane for «rim» er moglegvis å trekkja ideen om rim noko langt.

Teori[endre | endre wikiteksten]

Teorien om tankerim blei utvikla av den engelske biskopen Roberth Lowth (1710-1787) som er mest kjend som professor ved Universitetet i Oxford med hovudområde i hebraisk grammatikk og dikting. Det var særleg hans avhandling «Praelectiones Academicae de Sacra Poesi Hebraeorum (On the Sacred Poetry of the Hebrews)» frå 1753 som sette standarden for dette, og formene skildra over stammar alle frå han.[3] Lowth peika mellom anna på at tankerim, som byggjer på tyding, mykje lettare kunne omsetjast enn språklege verkemiddel som byggjer på form, som bokstavrim, enderim og meter[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Teke frå Salmane Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine. i Studentmållagsbibelen frå 1921.
  2. Sjå òg Markus 2:15-16. Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine.
  3. Briggs, Charles A. A critical and exegetical commentary on the Book of Psalms, 1906 s. XXXV.
  4. Robert Lowth «Words and the Word» s. 42. I Gillingham, S.E. The poems and psalms of the Hebrew Bible. Oxford: Oxford University Press, 1994 s. 73.