Parameter i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Parameter i matematikk er eit symbol (ein bokstavstorleik) som ein kan gje fleire verdiar, men som kvar gong ein slik verdi er valt, vert oppfatta som ein konstant.

Døme:

Likninga y = kx + 4 vil alltid gje ei rett linje, som vil gå gjennom punktet (0,4), men ulike verdiar som vert vald for k vil gje ulike linjer eller linjer med ulikt stigningstal. Her vert k kalla ein parameter.

Likninga for ei kurve er gjeven på parameterform viss koordinatane x og y er gjeven som funksjon av ein hjelpevariabel. Til dømes det grafiske bilete av x = asin t y = bcos t blir ein ellipse når parameteren t varierer. Me seier at likninga til ellipsen er gjeven på parameterform.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]