Paramore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om bandet. For albumet med same namn, sjå Albumet Paramore.
Paramore
Paramore 2011 Rio de Janeiro.jpg
Periode 2004 - no
Sjanger Alternativ rock[1][2][3]
Pop punk[4]
Power pop[5][6]
Nettside Paramore.net
Medlemmer
Hayley Williams
Jeremy Davis
Taylor York
[7]

Paramore er eit amerikansk band som vart danna i Franklin i Tennessee i 2004 av Hayley Williams (vokal, keyboard) og Jeremy Davis (bassgitar). Gruppa gav ut sitt første album, All We Know Is Falling, i 2005, og det andre albumet deira, Riot!, i 2007, som selde til platina i USA og gull i England og Irland. Det tredje albumet deira, Brand New Eyes, kom ut i 2009. I 2013 kom det sjølvtitulerte albumet deira ut. Det blei nr. 1 på Billboard-listene i USA, Storbritannia, Irland, Australia, New Zealand, Brasil, Argentina og Mexico.

Historie[endre | endre wikiteksten]

2002-2005: Skiping og All We Know Is Falling[endre | endre wikiteksten]

I 2002 flytta Hayley Williams frå heimstaden sin i Mississippi til Franklin i Tennessee som 14-åring. Der møtte ho brørne Josh og Zac Farro då hun gjekk på ein privatskule.[8][9] Kort tid etter byrja ho ta songtimar hjå Brett Manning.[10] Medan dei danna Paramore, var Williams og bassist Jeremy Davis også i eit funk-coverband som heitte The Factory, medan Farro-brørne øvde saman etter skulen.[8][11] Dei andre medlemmane av det som snart kom til å verte Paramore, var skeptiske til å ha Williams som vokalist, men sidan dei var veldig gode vener, byrja ho å skrive songar til dei og til slutt løyste problema seg.[12] Bandet vart offisielt danna av Josh Farro (gitar), Zac Farro (trommer), Jeremy Davis (bassgitar) og Hayley Williams (vokal) i 2004,[13] med eit seinare medlem som var naboen til Williams,[8] Jason Bynum (rytmegitar). Dei kalla seg Paramore etter jentenamnet mora til ein av dei tidlegare bassistane i gruppa hadde hatt.[14] Då bandet fann ut kva paramour tydde ('hemmeleg elskar'), bestemte dei seg for å ta i bruk namnet, men stave det Paramore.[12] Den første songen bandet skreiv saman var «Conspiracy», som seinare vart brukt på debutalbumet deira, All We Know Is Falling.

I dei neste åra opptredde dei på spelestader utanfor Nashville-området, mellom anna på festivalar som Purple Door og på Warped Tour. John Janick, ein av grunnleggjarane av plateselskapet Fueled by Ramen, fekk tak i nokre av demoane til Paramore og fór til ein Taste of Chaos-opptreden i Orlando, Florida for å sjå bandet opptre. Etter ein mindre privat opptreden på eit varehus, vart bandet signert til plateselskapet i april 2005.[15]

Paramore på Winter Go West Tour i 2006.

Paramore reiste attende til Orlando og spelte inn debutalbumet deira All We Know Is Falling, men rett etter at dei kom bestemte Davis seg for å forlate gruppa av personlege grunnar. Dei medlemmane som var att heldt fram med albumet, medan dei skreiv «All We Know» om avgangen hans. Seinare bestemte dei seg for å basere All We Know Is Falling som eit konseptalbum. Albumcoveret gjenspeglar også Paramore sin sorg, som Williams forklarer som «sofaen (på coveret på All We Know Is Falling) som ingen sit på, og skuggen som går bort er Jeremy som skal til å forlate oss, og vi føler at det er eit tomrom att.»[15] Innspelinga av All We Know Is Falling tok berre tre veker. Før dei skulle på turné la dei til John Hembree (bassgitar) for å erstatte Daivs.[16] Etter førespurnad frå bandet vendte Davis attende etter fem månader borte, då Hembree drog.[17] All We Know Is Falling vart gitt ut 24. juli 2005 og vart #30 på Billboard's Heatseekers Chart. Paramore gav ut «Pressure» som deira første singel, med ein video laga av Shane Drake. I juli vart «Emergency» gitt ut som den andre singelen. Regissøren var igjen Shane Drake. Hunter Lamb erstatta også Bynum på gitar.[9] Den tredje singelen «All We Know», vart gitt ut med begrensa sendetid. Videoen består av ei samling av live-opptredenar og backstage-klipp.

2007-2008: Riot! og andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Paramore byrja å spele inn deira andre studioalbum, Riot!, i januar 2007 og slutta produksjonen i mars, utan gitar av Hunter Lamb. Utan Lamb vart Josh Farro nødt til å spele begge gitarstemmene på albumet.[18] Sidan då har Lamb vorte erstatta med gitarist Taylor York, som tidlegare hadde vore i eit band med Farro-brørne før dei to møtte Williams,[8] som et mellombels medlem på turné. Paramore spelte inn Riot! i New Jersey saman med produsent David Bendeth. Dei gav ut albumet 12. juni 2007. Riot! vart rangert på Billboard 200 som nummer 20, på UK-listene som nummer 24 og selde 44,000 eksemplar berre den første veka i USA. Namnet «riot» vart valt fordi det tyder «eit plutseleg utbrot av ukontrollerte kjensler», og det var eit ord som «oppsummerte alt». Singlane og musikkvideoen på albumet heiter «Misery Business», «Hallelujah», «Crushcrushcrush» og «That's What You Get». Før innspillinga av musikkvideoen til «That's What You Get» i februar 2008 kunngjorde dei at dei hadde avlyst seks konsertar av personlege grunnar. Williams skreiv på bandet si vevside at «pausen vil gi bandet ein sjanse til å kome seg vekk og løyse sine personlege problem.» MTV.com rapporterte at Paramore-tilhengjarar spekulerte om fremtida til bandet. Dei rapporterte også om trøbbel som hadde byrja tidlegare same månad, då Josh Farro gav utrykk for sinnet sitt for media sitt fokus mot Williams.[19]

Paramore sin song «Decode» er hovudsingelen for den romanbaserte filmen Twilight. Den andre songen dei har laga for lydsporet heiter «I Caught Myself».[20] Bandet byrja å spele inn videoen til «Decode» den 13. oktober 2008. «Decode» vart gitt ut 1. oktober 2008 på den offisielle Paramore-fanklubben og Stephenie Meyer si heimeside.[21] Videoen hadde premiere 3. november.

25. november 2008 gav Paramore ut konsertalbumet, The Final Riot!. Albumet inneheld ein bonus-DVD med ein heil konsert frå Chicago, og ein eksklusiv dokumentar bak scena.[22]

2009-2010: Brand New Eyes[endre | endre wikiteksten]

Williams i 2009.

I januar 2009, snakka Josh med musikkmagasinet Kerrang! om det tredje albumet deira: «Vi skal prøve å spele det inn i Nashville. Eg trur at å skrive songane der kjem til å inspirere oss, og om vi speler det inn der kan vi sove våre eigne senger, i staden for på hotell som vi gjer 300 dagar resten av året. Vi er ikkje sikre på kven som skal produsere albumet enno. Rob Cavallo produserte 'Decode' med oss, noko som var ei god erfaring, men vi ser oss rundt og vil ikkje ta noko avgjerd før vi har nokre songar og veit kva vi ser etter. Vi elsker korleis vi høyrast ut live og vil ha ein produsent som klarer å oppfatte det».[23]

21. januar 2009 vart det kjend at Paramore skulle vere gjest saman med The SoundsNo Doubt sin sommarturné. Den starta i mai 2009 og skulle haldast på amfiteatere og arenaer rundt om i USA og Canada.

Sidan mars 2009 byrja Paramore å skrive songar til det tredje studioalbumet sitt, kalla Brand New Eyes. 23. mars 2009 drog dei til eit studio i Hidden Hills, California for å spele det inn. Produsenten er Rob Cavallo. (Kjent for ikkje berre å produsere songen deira «Decode», men også album for band som Green Day, Avril Lavigne, Less Than Jake og My Chemical Romance.) 28. april 2009 meldte MTV at det tredje albumet deira er ferdig spelt inn og kom til å verte gitt ut i 29. september 2009. «Ignorance» vart gitt ut 7. juli som den førsten singelen fra Brand New Eyes.

2011-2012: Singles Club[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju med MTV den 10. januar 2011 sa Hayley Williams at sjølv om bandet hadde mista to av medlemmane, skulle dei kome med ny musikk i 2011, sjølv om dei ikkje hadde bekrefta om det ville bli eit helt album for utgivinga, eller berre eit lite antal songar.

2013-notid: Paramore[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste singelen frå albumet, «Now», kom ut online den 22. januar 2013. Den andre singelen, «Still Into You» blei given ut den 14. mars 2013.

Musikalsk stil og innverknadar[endre | endre wikiteksten]

Williams er kjend for å ha stor karisma.

Alternative Press og andre meldarar har sagt at bandet sin sceneopptreden har hjelpt dei med å verte eit meir kjend band. Alternative Press sa også at Williams «har meir karisma enn songarar som er dobbelt som gamle som ho, og at bandet hennar ikkke er så langt i frå, dei heller».[24] Songaren John Mayer roste Williams si stemme i ein blogg i oktober 2007, der han kalla ho «det store oransje vonet».[25] På grunn av det kvinnelege aspektet til bandet, har Paramore vorte samanlikna med Kelly Clarkson og Avril Lavigne, som ein annan meldar sa var «smerteleg ubegrunna».[26][27] Meldar Jonathan Bradley har sagt at «Paramore angrip musikken med smittande entusiasme». Han sa også at «det er ikkje stor forskjell mellom Riot! og nokre av dei betre songane til Kelly Clarkson og Avril Lavigne».[28] Endå ein meldar frå NME sa også at Paramore høyrdast ut som «No Doubt (utan all ska-en)» og «Kelly Clarksons villaste draumar».[29] Williams har kommentert at bandet ikkje berre er «eit band fronta av ei jente» men eit band som lagar «musikk for folk som liker musikk, ikkje slik at folk kan snakke om seksualiteten min».[30]

Paramore har utrykt at dei set pris på band som Blink-182, Jimmy Eat World, Chicago, Sunny Day Real Estate,[31] Death Cab for Cutie, Fall Out Boy og Failure. Williams har også sagt at Robert Smith frå The Cure og Etta James er hennar personlege påverknader. Ho har også sagt at band som U2, «som er massive, gjer kva dei vil, skriv kva dei vil og som står for noko», Jimmy Eat World, «som trur dei aldri skuffar fansen sin», og No Doubt, «som har gjort fantastiske ting» er som ein stig dei gjerne vil følgje i løpet av karrieren sin.[31]

I eit intervju med BBC, sa Josh Farro at «trua vår er veldig viktig for oss. Ho kjem tydelegvis til å påverke musikken vår, fordi om nokon trur på noko, kjem verdssynet deira til å påverke alt dei gjer. Men vi er ikkje her for å preike til folk, vi er her fordi vi elskar musikk.»[32]

Medlemar[endre | endre wikiteksten]

Rolle i bandet År
2002–2004 2004–2005 2005 2005 2005–2007 2007 - nåtid
Vokal, keyboard Hayley Williams
Hovedgitar, bakgrunnsvokal Josh Farro
Bassgitar Jeremy Davis John Hembree Jeremy Davis
Trommer Zac Farro
Rytmegitar   Jason Bynum Hunter Lamb Taylor York
  • Hayley Nichole Williams (fødd 27. desember 1988 i Meridian i Mississippi) er vokalist i bandet.
  • Joshua Neil Farro (fødd 29. september 1987 i Voorhees i New Jersey) er hovudgitarist i Paramore og den eldre broren til Zac Farro. Han er ofte sett med en svart Fender Telecaster Deluxe.
  • Zachary Wayne Farro (fødd 4. juni 1990 i Voorhees i New Jersey) er det yngste medlemmet i bandet.
  • Jeremy Clayton Davis (fødd 8. februar 1985 i North Little Rock i Arkansas) er bassist og eldstemann i bandet.
  • Taylor Benjamin York (fødd 17. desember 1989 i Nashville i Tennessee) er rytmegitarist i bandet.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

EP-er

DVDer

I videospel[endre | endre wikiteksten]

Mange av Paramore sine songar har vore med i videospel. «Pressure» var med på konsollversjonen av The Sims 2. Andre spel er Guitar Hero On Tour: Decades, Saints Row 2 og EA Sports NHL 08.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • [1] – Offisiell nettside
  • [2] – Offisiell Myspace
  • [3] – Offisiell Livejournal

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Elan, Priya. «Paramore: RIOT!». NME. http://www.nme.com/reviews/paramore/8707. Henta 2007-12-09. 
  2. «Familiar With Emo, Intimate With Upbeat». New York Times. 2007-11-30. http://www.nytimes.com/2007/11/30/arts/music/30para.html. Henta 2008-01-05. 
  3. Eliscu, Jenny (2008-03-06). «Q&A: Paramore's Hayley Williams». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/news/story/19356463/qa_paramores_hayley_williams. Henta 2008-06-05. 
  4. Brown, August (2009-05-08). «Paramore gambles on raw emotions». latimes.com. http://latimesblogs.latimes.com/music_blog/2009/05/paramore-gambles-on-raw-emotions.html. Henta 2009-05-12. 
  5. «Paramore Bio». MTV.com. http://www.mtv.com/music/artist/paramore/artist.jhtml. 
  6. Riot review Rhapsody.com
  7. http://www.paramore.net/about
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Bayer, Jonah (February 2008), «Born for This», Alternative Press (235) 
  9. 9,0 9,1 Biography. All Music.
  10. Hayley Williams. Interview with David Walter. Youth Gone Wild. 2007-10-17. Retrieved on 2007-10-14.
  11. Hayley Williams & Josh Farro. Interview with Joshua Martin. ASL's Exclusive Interview With Paramore. 2007-06-26. Retrieved on 2007-10-12.
  12. 12,0 12,1 Josh Farro, Hayley Williams & Jeremy Davis. Interview with cathyreay. Interview With Paramore. 2007-07-14. Retrieved on 2007-08-17.
  13. History. paramore.net.
  14. Paramore. Hello My Name is Paramore. [Website]. paramore.net. Arkivert den 2007-12-14. Mal:Citation error. 
  15. 15,0 15,1 Hayley Williams & Josh Farro. Interview with Tony Pascarella. Interview: Hayley Williams and Josh Farro of Paramore. 2005-08-08. Retrieved on 2007-08-16.
  16. Hayley Williams. Interview with Jason Schleweis. Paramore Interview. 2005-07-14. Retrieved on 2007-10-12.
  17. Paramore Kerrang! Article, Kerrang!, 2006-11-05, http://www.absolutepunk.net/showthread.php?t=135695, henta 2007-10-13 
  18. Josh Farro. Interview with Stephanie Keller. Paramore: They’re Looking for a Riot!. 2007-05-01. Retrieved on 2007-10-13.
  19. Paramore Cancel European Tour, Say They Need Time Off To Deal With 'A Lot Of Internal Issues'.
  20. http://www.mtv.com/movies/news/articles/1596357/20081006/story.jhtml?rsspartner=rssYahooNewscrawler
  21. Paramore's 'Twilight' Song 'Decode' Premieres On Stephenie Meyer's Web Site.
  22. http://www.mtv.com/movies/news/articles/1596057/20081001/story.jhtml
  23. http://web.archive.org/20090125065908/paramoreguy.blogspot.com/2009/01/josh-spoke-to-kerrang-about-new-album.html
  24. Bamboozle Recap: Day 1, altpress.com, 2007-05-06, http://altpress.com/news/747.htm, henta 2007-10-13 
  25. Paramore.
  26. Music Review: Paramore, «All We Know Is Falling».
  27. Drumm, Alex. Paramore. emotionalpunk.com.
  28. Paramore - Riot! - Review.
  29. Review.
  30. Hayley Williams & Josh Farro. Interview with Julia Conny. Paramore. 2007-05-25. Retrieved on 2007-10-13.
  31. 31,0 31,1 Paramore in prog shock rock?, manchestereveningnews.co.uk, http://www.manchestereveningnews.co.uk/entertainment/music/rock_and_pop/s/1015556_paramore_in_prog_rock_shock, henta 2007-10-13 
  32. Paramore bbc interview. Interview. (Interview).
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.