Paramusjir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paramusjir (Landsat 7-bilete)

Paramusjir (russisk Парамушир) eller Paramushiro frå ainu for «brei øy») er ei øy i Russland i Kurilane. Ho er 100 km lang og i snitt om lag 20 km brei og har eit areal på 2053 km². Ho er den største øya i dei nordlege Kurilane og berre Iturup er større i heile øygruppa. Sjumsju er ei øy i nordaust og mellom dei ligg det 2,5 km smale sundet kalla Det andre Kurilsundet. Antsiferov ligg i søraust på andre sida av det 15 km breie Luzjinasundet. 20 km mot nordvest ligg Atlasov og Onekotan ligg i sør på andre sida av det 40 km breie sundet kalla Det fjerde Kurilsundet. Nordenden av øya ligg 39 km frå Kapp Lopatka på sørenden av Kamtsjatkahalvøya.

Paramusjir høyrer til distriktet Severo-Kurilskij i Sakhalin oblast. Severo-Kurilsk er det administrative senteret i distriktet og med 2500 innbyggjarar er han den einaste busetnaden på Paramusjir. Byen er òg den største på Kurilane, men KurilskIturup er nesten like stor. Andre landsbyar som ein gong låg langs kysten av Paramusjir er i dag hovudsakleg spøkelsesbyar. Dette kjem delvis av eit krakk i det lukrative sildefiske og delvis av den katastrofale tsunamien som råka Kamtsjatka i 1952 og som tok om lag 2300 liv.

Geografi og naturhistorie[endre | endre wikiteksten]

Tsjikuratsjkiutbrotet i 2003 (MODIS-bilete)

Geologisk er Paramusjir ei samanhengande kjede på 23 vulkanar. Minst fem av desse er aktive: Tsjikuratsjki på 1816 moh, Fusstoppen på 1772 moh, Tatarinova, Karpinskogo og Ebeko. Tsjikuratsjki, den høgaste toppen på Paramusjir har vore aktiv sidan 2002 og det siste utbrotet kom i august 2008.

Paramusjir har eit subarktisk klima som er sterkt påverka av den kalde Oyashiostraumen. Av tre på Paramusjir finn ein stort sett berre sibirsk dvergfuru og små or. Den alpine tundraen som dominerer landskapet produserer store mengder sopp og bær, særleg tyttebær, åkerbær og krekling. Raudrev, hare og røyskatt finst på øya og vert jakta på av innbyggjarane. Øya har òg ein bestand av gråbjørn. Sunda mellom Paramusjir og Sjumsju har store bestandar av havoter og sel.

Fleire artar aure og stillehavslaks gyt i elvane på øya, særleg i Tukharkaelva som med 20 km er den lengste elva på øya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Japan gjorde krav på Paramusjir og resten av Kurilane mot slutten av 1800-talet. Paramusjir hadde den nordlegaste japanske militærbasen fram til slutten av den andre verdskrigen. Desse basane vart sporadisk bombardert av amerikanske fly og skip frå Aleutane frå 1943 til slutten av krigen. Her låg òg minst ein krigsfangeleir. I august 1945 invaderte Sovjetunionen Paramusjir og etter krigen tok dei kontroll over heile Kurilane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°20′N 155°45′E