Parang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parangkonsert i Valsayn på Trinidad.

Parang er ei populær form for folkemusikk frå Trinidad og Tobago. Ho byggjer på musikk innført til Trinidad av spanjolar eller spansktalande venezuelanske innvandrarar av afrikansk og urfolksopphav. Seinare blei det utvikla ei ny musikkform, soca parang, der ein også brukte lokal socamusikk og i nokre høve også chutneymusikk, som har sørasiatiske inspirasjonar. Namnet «parang» er knytt til parranda, spansk for 'fest' eller 'å gå ut', som også er kjend frå den nærskilde tradisjonen aguinaldo.

Framføring[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell parangutøving er svært lik aguinaldoskikken i Venezuela, som også kan minna om å gå julebukk. I juletida kan parangutøvarar (parranderos) vitja husa til familie og vener og vekka dei med parangmusikk, for deretter å bli servert mat og drikke. Skikken blir framleis utført av mindre, uformelle og større, meir organiserte grupper, men det er også blitt vanleg å halda parang fiesta med sceneunderhaldning. Slike tilstellingar kan finna stad frå oktober til januar, og ender med ein nasjonal parangkonkurranse på heilagetrekongarsdag 6. januar.

Instrument[endre | endre wikiteksten]

Paranggruppe med typiske instrument.

Tradisjonelle parang-instrument er mellom anna den vesle gitartypen cuatro og rytmeinstrumentet maracas (lokalt kalla chac-chacs). Andre vanlege instrument er mellom anna fiolin, vanleg gitar, mandolin/bandolin og bandol og den lokale box bass og rytmeinstrumenta claves (lokalt kalla toc-toc) tamborin, caja og marimbola.

Typar[endre | endre wikiteksten]

I den tradisjonelle musikken har ein fleire ulike songtypar, mellom anna:

  • aguinaldo eller serenal, songar knytt til juleevangeliet og julehøgtida
  • guarapo, ein sekulær song om diverse emne med improviserte delar
  • estribillo, ein livleg call and response-song
  • manzanares, ein vals knytt til Manzanare-elva i Venezuela
  • joropo, dansesong som minner om spansk vals
  • despedida, ein avskjeds- og takkesong

Ein kan også ha spansk vals- og salsaparang.

Moderne parang, som har utvikla seg som populærmusikk frå 1950-talet, blir sunge på engelsk og kan ta innehalde nordamerikanske julemotiv som «Santa».

Parang blanda med chutneymusikk («charang») kan tidvis også ha hinditekst.

Parangutøvarar[endre | endre wikiteksten]

Viktige paranggrupper og utøvarar er mellom anna Daisy Voisin, Henry Perreira, Sharlene Flores, Leon Caldero, Baron, Jacqueline Charles, Lara Brothers, Francisca Allard & Philip Allard (Dinamicos) og Los Tocadores.

Kjende utøvarar av parang-soca er mellom anna Scrunter, Baron, Crazy og Big B.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]