Paratethys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Tethyshavet i rupelium (33,9-28,4 millionar år sidan).
Svarte linjer indikerer dagens kystlinjer.[1]

Paratethys var eit stort, grunt hav som strekte seg frå regionen nord for Alpane over Mellom-Europa til Aralsjøen i det vestlege Asia. Havet oppstod under oligocen (for 34 millionar år sidan) då det vart skild frå Tethyshavet i sør ved at Alpane, Karpatane, Dei dinariske Alpane, Taurusfjella og Elburzfjella vart skapt. Gjennom den lange tida det eksisterte var Paratethys til tider knytt til det som vart Middelhavet og Det indiske havet. Frå pliocen og framover (etter 5 millionar år sidan) vart Paratethys grunnare og dagens Svartehavet, Kaspihavet og Aralsjøen er restane etter dette gamle havet.

Namn og forsking[endre | endre wikiteksten]

Namnet Paratethys vart først nytta av V.D. Laskarev i 1924.[2] Laskarev sin definisjon inkluderte berre fossilar og sedimentære strata frå neogen-tida. Denne definisjonen vart seinare utvida til å gjelde oligocen-laga i tillegg. Då Paratethys vart skild frå andre hav, utvikla det seg ein eigen fauna som ein finn igjen i sedimentavleiringane.

Paleogeografisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Paratethys spreidde seg over store område av Sentral-Europa og Vest-Asia. I vest inkluderte det til tider områda nord for Alpane og vidare austover til Svartehavet, og frå her vidare til Aralsjøen.

Denne delen av Eurasia var under juratida og krittida dekt av grunne hav, som forma den nordlege grensa for Tethyshavet. Dette havet oppstod mellom Laurasia (Eurasia og Nord-Amerika) og Gondwana (Afrika, India, Antarktis, Australia og Sør-Amerika) då superkontinentet Pangea braut saman under trias (200 millionar år sidan).

Grensa mellom epokane eosen og oligocen er kjenneteikna ved eit stort fakk i det globale (eustatisk) havnivået og ei brå avkjøling av det globale klimaet. Samstundes starta den alpine orogenesen, som skapte dei fleste fjellkjedene på det kontinentale Europa og mange andre fjellkjeder langs sørkanten av Eurasia. Kombinasjonen av fallande havnivå og tektonisk heving førte til at havet trekte seg tilbake, og det oppstod eit skilje mellom Tethys og Paratethys. Vassveg til Nordishavet (Turgaihavet), Nordsjøbassenget og Atlanterhavet (i form av sund nord for Karpatane), likka seg i tidleg oligocen.[3] Det kan likevel ha vore andre sund som var opne mot desse hava.

I tidleg miocen (rundt 20 millionar år sidan) kom ein periode med transgresjon. I denne perioden vart Paratethys knytt til Middelhavet igjen. Denne trenden gjekk tilbake halvvegs i miocen, og delar av Paratethys vart ofte skild frå kvarandre. Då Middelhavet tørka ut under den messiniske saliniteskrisa (om lag 6 millionar år sidan) var det fasar der vatnet frå Paratetethys rann ned i det tørre Middelhavsbassenget. I pliocen (5,33 to 2,58 millionar år sidan) vart det tidlegare Paratethys delt i fleire innhav som i periodar var fullstendig fråskilde kvarandre. Eit døme var Det pannoniske havet. Mange av desse forsvann før pleistocen starta. I dag er berre Svartehavet, Kaspihavet og Aralsjøen att etter dette store innhavet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rögl, F.; 1999: Mediterranean and Paratethys. Facts and hypotheses of an Oligocene to Miocene paleogeography (Short Overview), Geologica Carpathica 50(4), s. 339– 349.
  2. Laskarev, V.; 1924: Sur les equivalents du Sarmatien superieur en Serbie. In: Vujevic´, P. (Ed.), Receuil de traveaux offert a` M. Jovan Cvijic par ses amis et collaborateurs. Drzhavna Shtamparija, Beograd, s. 73 – 85.
  3. Schulz, H.-M.; Vakarcs, G. & Magyar, I.; 2005: The birth of the Paratethys during the Early Oligocene: From Tethys to an ancient Black Sea analogue?, Global and Planetary Change 49(3-4), s. 163-176.