Pardanning i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Feynmanskjema for pardanning. Eit foton desintegrerer til eit elektron-positron-par.

Pardanning er ei spontan danning av ein elementærpartikkel og antipartikkelen til denne. Det vert særskild nytta om danninga av elektron-positron-par ved absorpsjon av gammastråling. Prosessen vart først skildra teoretisk av Paul Dirac i 1930 og påvist eksperimentelt av Carl David Anderson i 1933.

Pardanning kan berre finne stad når energien til gammakvantet er over 1,02 MeV, den energien som svarar til kvilemassen av elektronet og positronet, og i nærleiken av ein tredje partikkel, vanlegvis ein atomkjerne, som kan oppta noko av den rørslemengda som gammakvantet fører med seg. Energi høgare enn kvileenergien til dei to nye partiklane, fordeler seg på tilfeldig måte mellom elektron og positron. Sannsynet for pardanning aukar med energien til gammakvantet, medan sannsynet for andre absorpsjonsprosessar (fotoeffekt, comptoneffekt) minkar med aukande energi. Ved høge energiar skjer difor praktisk talt all absorpsjon av gammastråling ved pardanning. Ein eksitert atomkjerne gjev mellom anna frå seg energien sin ved å sende ut eit elektronpositron-par i staden for eit gammakvant. Denne prosessen blir kalla indre pardanning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]