Parengarenga Harbour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Parengarenga Harbour er ei naturleg hamn nær den nordlegaste spissen til NordøyaNew Zealand. Ho ligg heilt i nordenden av halvøya Aupouri Peninsula, strekkjer seg meir enn 10 km inn i landet og skil nesten nordspissen av halvøya frå resten. Det nordlegaste punktet på Nordøya, Surville Cliffs, ligg berre 10 km nord for hamna.

Sandførekomstane i den sørlege armen til Parengarenga Harbour er mellom berre ei handfull stader på New Zealand der det finst sand med høgt innhald av silikat og svært lite ureining (mindre enn 2%), og sanden er høgt verdsett i glasproduksjon. Han er blendande kvit å sjå til.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.