Paris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paris
Eiffeltårnet sett frå Esplanade du Trocadéro
Eiffeltårnet sett frå Esplanade du Trocadéro
Flagget til Paris
Flagget til Paris

Motto
«Fluctuat nec mergitur

('Kasta av bølgjene, ho søkk ikkje')»

Styresmakter
Land
Region
Frankrike
Île-de-France
Første busetnad 4200 fvt.
Overborgarmeister Anne Hidalgo
Geografi
Flatevidd[1]
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

86,9 km² km²
2 723 km²
14 518,3 km²
Innbyggjarar[2]
 - By (2005)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

2 153 600
  24 1783/km²
9 644 507 (1999)
12 067 000 (2007)
Koordinatar 48°52′0″N 2°19′59″EKoordinatar: 48°52′0″N 2°19′59″E
Høgd over havet 65 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse anna
Postnummer 75001–75020 og 75116
Nettstad: www.paris.fr
Plassering
Paris map.png

Paris er hovudstaden i og den største byen i Frankrike, og i tillegg hovudstad i regionen Île-de-France.

Det bur mest 2,2 millionar i bykjernen. I storbyområdet, som er det fjerde største i Europa, bur det om lag 12,1 millionar menneske.

Paris har vore som ein fri og opprørsk by. Sidan den franske revolusjonen har han vore åstaden for ei rekke store folkeprotestar mot den franske regjeringa.

Byen var i mange år kjend som ein kunstnarby utan like, og kunstnarar frå heile verda samla seg her. Pablo Picasso og Ernest Hemingway var nokre av desse, medan Edvard Munch og Cora Sandel var norske kunstnarar som vitja byen. I tillegg til kunstlivet var Paris òg lenge kjend som byen med det beste utelivet i Europa, og på grunn av dette er fleire byar med eit påstått liknande folkeliv blitt stempla som «Paris» for den delen av verda dei høyrer til.


Folketalsutvikling i Paris mellom 1801 og 1926
1801 1851 1881 1926
547 800 1 053 000 2 240 000 2 871 000

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1968 har Paris vore både eit departement og ein kommune. Tidlegare (frå 1790) var Paris hovudstad i departementet Seine. Paris kommune dekkjer berre sentrumsområda av byen, og det finst ingen administrativ overbygging for hovudstadsregionen; han består av ei rekkje sjølvstendige kommunar.

Departementet Ville de Paris består berre av kommunen Paris. Kommunen er delt i 20 arondissement. Inndelinga i arondissement stammar frå den siste byutvidinga i 1860, og erstatta den gamle inndelinga i 12 arondissement frå 1795.

Mellom 26. mars og 22. mai 1871 hadde byen eit ekstraordinært styre - Pariskommunen - som bestod av ei samling vald ved alminneleg stemmerett. Pariskommunen vart styrta med vald av sentralmakta, og for å hindre gjentakingar vart Paris sett under direkte styre av staten.

Ved ei ny lov av 1975 vart det i 1977 halde val til eit nytt byråd («Conseil de Paris») med 109 medlemmar, som så valde ein borgermeister («maire»). Politimeisteren haldt fram å vere sentralt utnemnd, og byrådet hadde ei rådgjevande funksjon.

Etter ei ny lovendring vart det i 1983 halde val til eit utvida byråd på 163 medlemmar med utvida styringssområde. M.a. vart budsjettsakar overlatt byrådet. Kommuneval skjer i arondissementa, og det vert vald til saman 517 «conseillers d'arrondissement». Kvart arondissement har sitt bydelsråd som veljer sin borgarmeister.

Byrådet fungerer samtidig som kommunestyre og som fylkesstyre for departementet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det sentrale landskapeselementet er elva Seinen, som renn inn frå søraust, går i ein vid boge gjennom byen og renn ut i sørvest. Dagens administrative grense skildrar stort sett ein sirkel på 32 km med sentrum i øyane Île de la Cité og Île Saint-Louis. Størstedelen av byen ligg nord for elva (rive droite); ein mindre del på sørsida (rive gauche).

Byen fekk sin noverande grense ved ei byutviding i 1860, då det òg vart bygd festningar ved yttergrensene. Området vert ofte omtalt som Paris intra muros, og fell saman med den store ringvegen Boulevard périphérique. Tidleg på 1900-talet vart byen utvida med dei store parkane Boulogneskogen på 9 km² i vest og Bois de Vincennes på 10 km² i aust. I seinare år er området La Defense i vest administrativt underlagt byen.

På kvar side av elva dannar landskapet ei rekkje låge åsar, som Montmartre (130 moh.), Belleville (128 moh.), Menilmontant (108 moh.), Buttes-Chaumont (80 moh.) på høgre breidd og Montparnasse (66 moh.), Butte aux Cailles (62 moh.) og Montagne Sainte-Geneviève (61 moh.) på venstre.

Det høgaste punktet i Paris der det bur folk er 195 moh, men sjølve bykjernen ligg for tida berre om lag 60-80 meter over havet.

Nokre mindre elvar og kanalar renn gjennom byen, som:

Det er fleire parker inni Paris. Nokre vart planlagt av Hausmann i 1860: Jardin des Tuileries, Jardin du Luxembourg, Parc des Buttes Chaumont, Parc Monceau og Parc Montsouris. På 1900-talet vart fleire parkar til: Parc de Belleville i nord, Parc de la Villette i nordaust, Parc George Brassens og Parc André Citroën i sør og Parc de Bercy i aust.

Distansar til alle stader i Frankrike vert mål frå eit punkt på ein stein føre Notre Dame.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Paris vert omtalt allereie i romartidaLutetia Parisiorum var hovudsete for ei keltisk stamme kalka parisarane. Vare var allereie den gongen basert på handel. Han låg på Île de la Cité og bruene førte til Seinen. Då romarane seinare tok byen gjorde dei Lutetia til provinshovudstad. Romarane drog frå byen på slutten av 200-talet e.Kr. då dei vart jaga av germanarane på plyndringstokt.

800-talet herja vikingane med plyndring, voldtekt og brann. Då vikingane hadde rast frå seg starta ei ny oppgongstid for byen. Munkar, handverkarar og kjøpmenn slo seg ned i byen, som voks fram til å verte Seinen-området si viktigaste hamn. Frå 1100-talet hadde kongen sin faste residens på vestsida av Île de la Cité, og sørsida av elva utvikla seg til lærdomssentrum med kloster, kyrkjer og universitet.

I 1789 braut revolusjonen ut. Under mottoet Liberté, égalité, fraternité (Fridom, Likskap og Brorskap) vart Bastillen storma. Det vart då etablert eit konstitusjonelt monarki som raskt vart avløyst av den første republikk. På 1800-talet kom Napoleon og vart keisar. På 1800-talet opplevde Paris ein sterk vekst i folketal, industrialiseringa skaut fart, og kommunikasjon vart bygd ut. På same tid voks Paris fram som eit kulturelt sentrum for kunstnarar, diktarar og filosofar.

I store delar av andre verdskrig, var Paris og delar av Nord-Frankrike okkupert av Tyskland. I åra 1940-1944 såg framtida mørk ut for Paris og fleire og fleire støtta nazistane. I 1944 kom hjelpa som fleire hadde venta på i fire år. USA og England ilandsette store mengder soldatar i Normandie og pressa tyskarane ut av Paris og Frankrike. Dette vert sett op som den største alliere militære operasjonen gjennom tidene (Operasjon Overlord)

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Eiffeltårnet er det mest kjende landemerket i Paris, og er internasjonalt kjend som eit symbol for Frankrike

Transport[endre | endre wikiteksten]

Paris har to hovudflyplassar - Roissy-Charles De Gaulle og Orly. Paris Le Bourget var Paris sin første flyplass, men vert no berre nytta av forretningsfly sidan han ligg for nærme Paris. Beauvais-Tillé, 65 km nord for byen, vert brukt av enkelte lågprisselskap.

Jernbanestasjonar er Gare du Nord, Gare de l'Est, Gare St-Lazare, Gare de Lyon, Gare Montparnasse, Gare d'Austerlitz og Gare de Paris-Bercy. Eit stort nett av undergrunnslinjer (Métro) og forstadsbanar (RER) tar seg av den interne transporten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paris

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Flagget til Frankrike Departement i Frankrike Flagget til Frankrike

Fastlands-Frankrike:
01 Ain
02 Aisne
03 Allier
04 Alpes-de-Haute-Provence
05 Hautes-Alpes
06 Alpes-Maritimes
07 Ardèche
08 Ardennes
09 Ariège
10 Aube
11 Aude
12 Aveyron
13 Bouches-du-Rhône
14 Calvados
15 Cantal
16 Charente
17 Charente-Maritime
18 Cher
19 Corrèze
2A Corse-du-Sud
2B Haute-Corse

21 Côte-d'Or
22 Côtes-d'Armor
23 Creuse
24 Dordogne
25 Doubs
26 Drôme
27 Eure
28 Eure-et-Loir
29 Finistère
30 Gard
31 Haute-Garonne
32 Gers
33 Gironde
34 Hérault
35 Ille-et-Vilaine
36 Indre
37 Indre-et-Loire
38 Isère
39 Jura
40 Landes
41 Loir-et-Cher
42 Loire

43 Haute-Loire
44 Loire-Atlantique
45 Loiret
46 Lot
47 Lot-et-Garonne
48 Lozère
49 Maine-et-Loire
50 Manche
51 Marne
52 Haute-Marne
53 Mayenne
54 Meurthe-et-Moselle
55 Meuse
56 Morbihan
57 Moselle
58 Nièvre
59 Nord
60 Oise
61 Orne
62 Pas-de-Calais
63 Puy-de-Dôme
64 Pyrénées-Atlantiques

65 Hautes-Pyrénées
66 Pyrénées-Orientales
67 Bas-Rhin
68 Haut-Rhin
69 Rhône
70 Haute-Saône
71 Saône-et-Loire
72 Sarthe
73 Savoie
74 Haute-Savoie
75 Paris
76 Seine-Maritime
77 Seine-et-Marne
78 Yvelines
79 Deux-Sèvres
80 Somme
81 Tarn
82 Tarn-et-Garonne
83 Var
84 Vaucluse
85 Vendée
86 Vienne

87 Haute-Vienne
88 Vosges
89 Yonne
90 Territoire de Belfort
91 Essonne
92 Hauts-de-Seine
93 Seine-Saint-Denis
94 Val-de-Marne
95 Val-d'Oise

Oversjøiske departement:
971 Guadeloupe
972 Martinique
973 Guyane
974 Réunion
976 Mayotte

Collectivités d'outre mer:
975 Saint-Pierre-et-Miquelon (collectivité territoriale)
977 Saint-Barthélemy (collectivité territoriale)
978 Saint-Martin (collectivité territoriale)
986 Wallis-et-Futuna
987 Fransk Polynesia (pays d'outre-mer)
988 Nouvelle-Calédonie (collectivité sui generis)