Paris Bordone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paris Bordone

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 5. juli 1500
Treviso
Død

19. januar 1570 (69 år)
Venezia

Yrke kunstmålar
Språk italiensk
Paris Bordone på Commons
Madonna og barnet med Johannes døyparen og Georg, tidleg i 1530-åra
Fiskar overrekker den heilage Markus sin ring til dogen, 1534-35

Paris Bordone (5. juli 150019. januar 1571) var ein venetiansk kunstmålar, fødd i Treviso.

Bordone budde i Venezia frå 1518. Han arbeidde ei tid i Tizian sin målarverkstad, men tok lite etter han. Samanlikna med Tizian har Bordone ein meir lineær og strammare målestil. Han utvikla seg vidare gjennom studiar av verk laga av Giorgione og Palma Vecchio.

Utanom Venezia var Bordone verksam i andre norditalienske byar som Vicenza, Crema, Genova, Torino og fødebyen Treviso, dessutan i Paris og Augsburg. Dei eldste verka etter han er over religiøse motiv og frå 1520-åra. Han laga også altartavler.

I 1534-35 laga han det store og uvanlege måleriet Fiskar overrekker den heilage Markus sin ring til dogen av Venezia. Måleriet har vorte rekna som det vakraste seremonibiletet frå den tid. I 1538 inviterte kong Frans I av Frankrike han dit, derifrå reiste han i 1540 til eit oppdrag i Augsburg. Alle desse måleria og mange andre bilete som Bordone var meister for, har gått tapt.

Bordone døydde i Venezia i 1571.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon. 1996.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Paris Bordone