Pariskanonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pariskanonen (eller Paris-Geschütztysk) var ein artillerikanon som tyskarane brukte for å bombardere Paris med under første verdskrigen. Denne overdimensjonerte jarnbanekanonen vart brukt frå mars til august 1918. Når han vart brukt trudde parisarane at dei vart bomba frå eit luftskip, sidan dei verken kunne høyre lyden av fly eller at kanonen vart avfyrt. Det vart den største kanonen som vart brukt under krigen, og han er rekna for å vere eit supervåpen.

Kanonen vart òg kalla «Kaiser Wilhelm Geschütz» og vert av og til forveksla med Dicke Bertha, haubitsen som tyskarane brukte mot byen Liège i 1914, og franskmenna kalla òg kanonen for dette. Han vart òg forveksla med den mindre «Langer Max»-kanonen (Lange Max). Sjølv om den vidkjende Kruppfamilien produserte alle desse kanonane, er dei ikkje særleg like.

Som eit militært våpen var ikkje kanonen særleg vellukka. Prosjektilet var lite, løpet måtte ofte byttast ut, og presisjonen var ikkje betre enn at målet måtte vere ein stor by. Men målet til tyskarane var ikkje å øydeleggje byen i seg sjølv, men moralen til parisarane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Pariskanonen var ulik alle andre våpen, men akkurat kva han kunne gjere er ukjend, og alle tilgjengelege tal om kanonen er tilnærma. Dette kjem av at tyskarane øydela kanonen heilt då dei allierte slo tilbake. Storleiken, rekkevidda og yteevna kan variere mykje frå kjelde til kjelde.

Han kunne mest truleg avfyre ein 94 kg tung granat i ein avstand på 130 km, og granaten kunne nå ei høgd på 40 km — det høgaste eit menneskeskapt prosjektil nådde før dei første V-2-rakettane vart testa i oktober 1942. Dette vart dermed første gongen ein menneskeskapt lekam nådde stratosfæren.

Ein granat brukte nesten tre minutt på å nå Paris og hadde då ein fart på 1600 m/s (nesten fem gonger så raskt som lydfarten). Sidan prosjektilet vart skote ut med så høg fart, forsvann det mykje stål frå løpet under kvart skot. Dermed hadde granatane forskjellig tjukkleik for å kunne passe inn i løpet, og dei vart derfor nummerert i rett rekkfølgje etter storleik.

Kanonen i seg sjølv skal ha vege rundt 256 tonn og var festa til jarnbanespor. Han hadde eit 28 meter langt løp med kaliber på rundt 210 mm.

Opphavleg skulle han vere ein skipskanon, og mannskapet til våpenet var 80 marinesoldatar kommanderte av ein admiral. Rundt seg hadde han dessutan fleire standardartilleri for å dekkje over lyden til den store kanonen slik at franskmennene eller britane ikkje fann han.

På grunn av den lange avstanden gjorde corioliseffekten (jordrotasjonen) seg gjeldande. Dette førte til at prosjektilet landa 393 m kortare og 1343 m til høgre for det ein eigentleg sikta mot om ein ikkje hadde hatt corioliskrafta. Totalt vart det avfyrt 320–367 granatar som alt i alt drap 250 menneske og skadde 629 i tillegg til å øydeleggje mange bygningar.

Kanonen vart tatt tilbake til Tyskland i august 1918 då dei allierte rykte framover. Kanonen vart aldri sett av dei allierte, og ein trur at han vart heilt øydelagd av tyskarane mot slutten av krigen.

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

Pariskanonen er faktisk svært viktig i soga om romfart. I 1930-åra vart tyskarane svært interesserte i å utvikle rakettar, sidan Pariskanonen vart bannlyst under Versaillestraktaten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Miller, Henry W.: The Paris Gun: The Bombardment of Paris by the German Long Range Guns and the Great German Offensive of 1918. New York : Jonathan Cape, Harrison Smith, 1930.
  • Bull, Gerald V. & Murphy, Charles H.: Paris Kanonen: The Paris Guns (Wilhelmgeschutze) and Project HARP. Herford : E.S. Mittler, 1988.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pariskanonen