Parmenides

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Parmenides

Parmenides var ein filosof som levde på Sør-Sicilia mellom slutten på 500-talet før vår tidsrekning og byrjinga på 400-talet fvt.

Han var grunnleggjaren av den eleatiske skulen og er saman med eleven Zenon kjend for sine innfløkte resonnement og paradoks.

Parmenides gjer ei radikal vending i filosofien og nektar for at endring, utvikling og rørsle kan skje. Dette er berre illusjonar, noko ein vil skjønne dersom ein kjem opp på eit høgt nok fornuftsnivå. Dei innfløkte resonnementa og paradoksa skal bevisa nettopp det at rørsle og endring ikkje er mogleg. Hovudargumentet var at berre det som er kan tenkjast og berre det som kan tenkjast eksisterer. Såleis blir forandring umogleg fordi noko som endå ikkje har hendt er heller ikkje og kan difor ikkje tenkjast og heller ikkje eksistere.

Det som er verkjeleg kan samaliknast med Anaximander sitt apeiron, det er evig og utan alder. Parmenides kalla dette for «Det Eine».

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.