Parodimesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei parodimesse er ei form for messe, vanlegvis frå 1500-talet, der ein nyttar fleire stemmer frå tidlegare musikkstykke som ein del av melodien, slik som ein bit frå ein motett eller ein verdsleg chanson. Han skil seg frå dei to andre mest vanlege messeverka under renessansen, cantus firmus og omskriven messe. «Parodi» har ikkje noko med humor å gjere, som i den moderne tydinga av ordet, men tyder «imitasjon».

Parodimessa var ein særs populær modell under renessansen. Palestrina skreiv aleine kring 50 parodimesser og på første halvdel av 1500-talet var dette dominerande forma. Konsilet i Trient bannlyste bruken av verdsleg materiale i messene i eit dokument datert 10. september 1562.[1] Reformene vart berre nøye følgd i Italia. I Frankrike hadde alt den musikalske smaken endra seg, slik at ønska til konsilet likevel vart oppfylte, og i Tyskland brydde ein seg stort sett ikkje om det.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Parody mass» frå Wikipedia på engelsk, den 5. april 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Gustave Reese, Music in the Renaissance. New York, W.W. Norton & Co., 1954. ISBN 0-393-09530-4
    • Harold Gleason og Warren Becker, Music in the Middle Ages and Renaissance (Music Literature Outlines Series I). Bloomington, Indiana. Frangipani Press, 1986. ISBN 0-89917-034-X
    • Lewis Lockwood, "Mass." The New Grove Dictionary of Music and Musicians, red. Stanley Sadie. 20 vol. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980. ISBN 1-56159-174-2
    • The New Harvard Dictionary of Music, red. Don Randel. Cambridge, Massachusetts, Harvard University Press, 1986. ISBN 0-674-61525-5

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Reese, s. 449.