Parson russellterrier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Brenda Mae», ein parson russellterrier i California.
Foto: Ellen Levy Finch .

Parson russellterrier er ein hunderase som høyrer til terrierane. Dei har fått namn etter den britiske presten (eng. parson) og hundeoppdrettaren Jack Russell.

Hundar av denne rasen er små (32–38 cm høge) og kvite, med svarte, tan (raudbrune) eller tricolor-markeringar i ansiktet og av og til på bakkroppen. Dei har kraftige kjevar, flatt hovud og livlege, uttrykksfulle augo.

Rasen er avla fram som bruks- og hihund, og for å kunne springa fort og lenge attmed hestar på revejakt. Parson-terrierar er uredde, tøffe små terrierar, dei er vennlege mot folk, men kan vera skarpe mot andre hundar. Dei eignar seg bra som familiehundar, men treng ei fast oppseding og mykje aktivitet for å trivast.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Parson russellterrier