Partido Obrero de Unificación Marxista

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Partido Obrero de Unificación Marxista (POUM, katalansk: Partit Obrer d'Unificació Marxista) var eit politisk parti i Spania i tida rundt den spanske borgarkrigen. Namnet betyr «Arbeidarpartiet for marxistisk sameining», og partiet blei danna ved ei samanslåing av organisasjonane «Kommunistisk venstre» og «Arbeidar- og bondeblokka». Kommunistisk venstre hadde vore rekna som «trotskistane» i Spania, men Lev Trotskij var imot denne samanslåinga. POUM stod i sterk opposisjon til stalinismen. Leiarane for POUM var Andres Nin og Joaquin Maurin.

POUM var større enn Det spanske kommunistpartiet PCE i Catalunya, og var svært kritisk til folkefrontstrategien. Denne strategien innebar ein allianse med borgarlege krefter, og det måtte etter POUM si meining nødvendigvis underordne arbeidarklassen sin kamp under borgarskapet og dermed hindre utviklinga av den sosiale revolusjonen. POUM gav likevel kritisk støtte til folkefrontregjeringa som blei skipa etter at folkefronten vann valet i 1936, og deltok sjølv i delstatsregjeringa (la Generalidad) i Catalunya etter at general Franco hadde starta borgarkrigen.

Under borgarkrigen fekk POUM sterkt auka tilslutning, og saman med anarkosyndikalistane i CNT (Confederación Nacional del Trabajo) hadde dei støtte av fleirtalet i arbeidarklassen i delar av landet. Militsane til POUM og anarkosyndikalistane var ryggraden i både den sosiale omdanninga og forsvaret mot Franco-fascistane i desse områda.

Den britiske forfattaren George Orwell, som var medlem i det venstresosialistiske Independent Labour Party (ILP), kjempa i POUM-militsen under borgarkrigen, noko han har skrive levande om i boka Hyllest til Catalonia (Homage to Catalonia), som er gitt ut på norsk.

Spelefilmen Land and Freedom («Land og fridom») av Ken Loach handlar også om ein britisk friviljug som tilfeldigvis hamnar i POUM-militsen, og der opplever både krigen mot Franco-fascistane og korleis POUM våren 1937 blei undertrykt av stalinistane, som ilag med dei borgarlege ville stanse utviklinga av den sosiale revolusjonen.

Sovjetunionen si rolle i den spanske borgarkrigen var ikkje berre den at landet som einaste stormakt støtta den lovlege regjeringa i Spania, men også at Josef Stalin gjennom sine agentar blanda seg inn i forholda bak fronten for å hindre ei sosialistisk utvikling. Dette hang blant anna ihop med hans strev for ein stormaktsallianse med den konservative regjeringa i Storbritannia mot Hitler-Tyskland. Verknaden i Spania var at håpet i arbeidarklassen om verkeleg sosial endring minka, apatien breidde seg, og den spontane kampviljen som hadde stansa Franco sitt kuppforsøk i 1936 blei undergravd i store delar av folket.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]