Partido Socialista Obrero Español

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Partido Socialista Obrero Español (PSOE)- på norsk Det spanske sosialistiske arbeidarpartiet - er eit politisk parti i Spania. Det vart skipa 2. mai 1879 som Partido Socialista del Trabajo (Sosialistisk Arbeidsparti) og omdøypt til sitt noverande namn i 1888. Leiar i PSOE er sidan år 2000 José Luis Rodríguez Zapatero. PSOE reknar seg i dag som eit sosialdemokratisk parti.

Partiet var mellom regjeringspartia i folkefront-regjeringa (1936-1939), men vart forbode under Franco-diktaturet, og arbeidde då illegalt. Partiet vart nystarta i 1974, og etter at partia vart lovlege i 1976, vart Felipe González leiar. I 1979 gjekk partiet bort frå mykje av det marxistiske tankegodset dei delvis hadde hatt, og utvikla seg sidan i såkalla moderat leid. Partiet er for spansk medlemskap i NATO og EU. På den andre sida trekte dei straks dei spanske soldatane ut av Irak etter dei vann valet i 2004.

PSOE skipa regjering første gongen (etter borgarkrigen og diktaturet) i 1982 og hadde statsministeren uavbrote fram til 1996. Valet i 2004 fann stad kort etter terrorangrepet mot toga i Madrid, og det konservative regjeringspartiet tapte stort etter å ha loge for veljarane om kven som stod attom. 16. april 2004 vart Zapatero vald til statsminister av det spanske parlamentet.

På nett[endre | endre wikiteksten]