Partido Socialista de Chile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det chilenske sosialistpartiet PS blei danna i 1933. Det var frå starten eit ganske samansett parti, både sosialt og politisk. Hovudskilnaden i høve til kommunistane var at PS insisterte på å vere heilt uavhengig av Sovjetunionen. Partiet sitt symbol er ei kvit indianarøks på ein raud profil av Latin-Amerika i ein kvit sirkel med raud rand. På kvar si side av det søramerikanske kontinentet står bokstavane P og S i raudt.

I 1970 blei Salvador Allende frå PS vald som president i Chile i brodden for ein venstreallianse med namnet Unidad Popular (UP), Folke-Einskapen. Viktige reformer blei gjennomførte, mellom anna nasjonal kontroll med koparindustrien, landet sin viktigaste eksportindustri, som hadde vore på US-amerikanske hender.

Den 11. september 1973 blei UP-regjeringa styrta i eit militærkupp støtta av USA, og president Allende døydde same dag under åtaket på presidentpalasset. Medlemmene av PS og andre venstreparti blei utsette for sterk forfølging, mange blei drepne, torturerte, eller måtte flykte frå landet.

PS delte seg i denne tida i ulike fraksjonar som hadde ulike syn på korleis diktaturet best kunne bekjempast, og kva linje partiet skulle stå for. Ei gruppe som stod for ein moderat sosialdemokratisk kurs blei etter kvart dominerande. Frå denne tendensen kjem både noverande president Ricardo Lagos og noverande partileiar Ricardo Nunez.

I 1988 danna folk frå PS eit nytt Parti for Demokrati PPD med Ricardo Lagos i brodden, for å få med fleire i opposisjonen mot Pinochet-styret, som var på hell. PPD var vellykka som eit «utvida PS» i vala på 1990-talet etter at sivilt styre var gjenoppretta, men PS måtte velje, anten å satse på PPD eller gjenreise PS. Det enda med at PS sameinte dei viktigaste fraksjonane sine og heldt fram som PS. Men PPD heldt også fram som sjølvstendig parti med sosialdemokratisk profil. Desse to partia arbeider saman, men det er også eit visst konkurranseforhold.

PS, danna i 1933, forbode 1973-1990, er eit av dei viktigaste partia i chilensk politikk, ein del av den sentrum-venstre-koalisjonen som dominerer politikken i landet. Salvador Allende er framleis partiet sitt fremste person-symbol, og minnet om den falne presidenten blir halde høgt i ære. Den nye stjerna i PS i førstninga av det 21. hundreåret, er ei kvinne, Michelle Bachelet. Ho er frå mars 2006 president i Chile. Ho kjem truleg til å spele ei viktig rolle i chilensk politikk i åra som kjem.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Partido Socialista de Chile

Nettstaden til PS finn du her: [1]