Partita for fiolin No. 2 av Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Partita for fiolin No. 2
BWV 1004
Partita av Johann Sebastian Bach
Sjanger Kammermusikk
Periode Barokken
Komponert 1720
Publiseringsdato 1879
Typisk lengd 27:51
Satsar 5

Partita in d-moll for solofiolin (BWV 1004) av Johann Sebastian Bach vart skriven i perioden 17171723 og somme forskarar, mellom anna professor Helga Thoene, meiner at det vart skriven til den første kona til Bach, Marie Barbara Bach. Partitaen inneheld fem satsar:

  1. Allemanda
  2. Corrente
  3. Sarabanda
  4. Giga
  5. Ciaccona

Det er eit sterkt felles tema mellom dei fire første satsane. I allemanden er det ein hint på ein gjentakande bass, som frå der dukkar opp her og der i stykket før han kjem fram for fullt i Ciaccona. Dei første fire satsane reflekterer ein standard tysk barokk dansesuite, men den totale mørke karakteren til partitaen vert forsterka av den monumentale Ciaccona som lukkar verket.

Kjende innspelingar av partitaen er gjort av Henryk Szeryng, Midori Goto, Nathan Milstein, Arthur Grumiaux, Gidon Kremer, Jascha Heifetz, Itzhak Perlman, Yehudi Menuhin, Leonid Kogan og Hilary Hahn, for å nemne nokre få.

Ciaccona[endre | endre wikiteksten]

Ciaccona (eller Chaconne), avsluttar partitaen og varer frå 13 til 15 minuttar, noko som er lengre enn dei fire første satsane til saman. Temaet, som vert presentert i dei fire første taktane i ein typisk chaconne-rytme med ein akkordprogresjon basert på det gjentakande bassnotemønsteret D D C D B G A D, vert framført i ei rekkje variasjonar vidare i satsen. Heile forma er tredelt, og den midtre delen er i dur. Han representerer toppen solofiolinrepertoaret ved at han dekkjer nesten alle aspekt ved fiolinspeling kjend på Bach si tid. Det er framleis eit av dei teknisk og musikalsk krevjande stykka for instrumentet.

Allmusic skriv om chaconnen: «Dette verket vert avslutta av den mest kompliserte og intellektuelt mektige enkeltståande satsen som nokon gong er skapt for eit strengeinstrument utan akkompagnement. Dette er Bachs kjende Chaconne, ein kolossal serie av 64 makelause variantar av det nakne, firetaktar lange temaet frå byrjinga. To monumental ytre seksjonar i moll ligg på kvar side av ein sentral episode i dur, og denne flotte strukturen stig over alle aspekt innan fiolinteknikk og kontrapunktisk genialitet som var kjend i Bach sine dagar.»[1]

Sidan Bach si tid er det gjort fleire transkripsjonar av stykket for andre instrument, særleg for piano (av Ferruccio Busoni) og for venstrehanda på piano (av Brahms), samt for gitar, først av den argentinske gitaristen og komponisten Antonio Sinopoli. Minste tre av treanskripsjonane er publiserte for orgel. Eit arrangement for fullt orkester (1930) vart spelt inn av Leopold Stokowski.

Johannes Brahms, sa om stykket i eit brev til Clara Schumann:

« I ei strofe, for eit lite instrument, skriv mannen ei heil verd av dei djupaste tankar og dei mest mektige kjensler. Om eg skulle ha skapt, eller til og med kome på dette stykket, så er eg ganske sikker på at eg i overbegeistring ville ha drive meg sjølv frå forstanden.  »

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Michael Jameson. Partita for solo violin No. 2 in D minor, BWV 1004. Allmusic. Vitja 26. april 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]