Partita for fiolin No. 3 av Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Partita for fiolin No. 3
BWV 1006
Partita av Johann Sebastian Bach
SjangerKammermusikk
PeriodeBarokken
Komponert1720
Publiseringsdato1879
Typisk lengd17:51
Satsar/akter7
ToneartE-dur

Partita No. 3 i E-dur BWV 1006 av Johann Sebastian Bach for solofiolin som ein del av Sonatar og partitaer for fiolin, kring 1720.

Denne partitaen er kanskje den mest livlege av dei tre i boka, og sjølv om stykket ikkje akkurat er enkelt for fiolinistar, er det lettare enn chaconnen i Partita for fiolin No. 2.[1]

Stykket består av følgjande satsar:

  1. Preludium
  2. Loure
  3. Gavotte en Rondeau
  4. Menuett I
  5. Menuett II
  6. Bourrée
  7. Giga

Stykket tar om lag 20 minutt å framføre.

Dei mest vanlege innspelingar er vanlegvis av preludiet. Preludiet krev avansert bogeteknikk, og fører eit raskt tempo, allegro, og består nesten berre av sekstandedelsnotar. Preludiet vart òg transkribert av Bach for solo orgel, oboar, trompetar og strykarar i sinfonia som opnar Wir danken dir, Gott, wir danken dir, BWV 29, i D-dur.

«Gavotte en Rondeau» er kjend for å vere inkludert på Voyager Golden Record og vert ofte høyrt på TV eller radio.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Blair Johnston. «Partita for solo violin No. 3 in E major, BWV 1006». Allmusic. Henta 26. april 2010.