Parvati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Parvati (sanskrit, 'fjelldotter') eller Uma ('venn, hjelpar') er ei hinduistisk gudinne som står for den kvinnelege gudskrafta, sjakti og er kona til Sjiva. Gudinna blir dyrka i mange former, som den mektige Durga, og inkarnasjonar, som Sati. Ho er kjend under ei rekke namn, som Ambika ('mor'), Bhairavi ('frykteleg'), Gauri ('gylden'), Kali ('svart'), Lalita ('vakker') og Sjyama ('mørk').

Sjiva og Parvati på eit relieff frå Ellora.

[endre] Mytologi

Innan hinduistisk mytologi er Parvati først og fremst den som fekk asketguden Sjiva til å venda seg mot den sanselege verda og ikkje bare den andelege. Ho har mange av hans eigenskaper, til dømes evna til å gjennomføra askese og å dansa.

Historia om Parvati seier at ho var dotter til Himavat, reinkarnasjonen av Sati, som òg hadde vore gift med Sjiva før ho døydde.

[endre] Namnet Parvati

Parvati er brukt som jentenamn blant hinduar, men andre namn på gudinna, som Uma, Gauri og Lalita, er meir utbreidde.


Svastika
Svastika

Devi | Laksjmi | Parvati | Sarasvati | Landsbygudinner: Ammavaru | Mariamman | Former av Laksjmi: Radha | Sita | Former av Parvati: Bhavani | Durga | Kali | Satti | Sjakti | Andre: Bharatmata | Bhudevi | Ganga | GayatriMahavidya | Yellamma | Sjå òg hinduistiske gudar og vediske gudar