Pascal Couchepin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pascal Couchepin

Pascal Couchepin (fødd 5. april 1942) er ein sveitsisk politikar. Han har vore med i den sveitsiske regjeringa, Føderasjonsrådet, sidan 1998. I 2003 og igjen i 2008 hadde han den rullerande posten som president i Sveits. Han kjem frå den franskspråklege delen av Sveits. Han representerer det liberale partiet Det frisinna demokratiske partiet.

Couchepin vart fødd i Martigny i kantonen Valais. Han fullførte jusutdanning ved universitetet i Lausanne i 1968. I 1979 vart han valt inn i parlamentet i Sveits. Frå 1989 til 1996 var han parlamentarisk leiar for partiet sitt. 11. mars 1998 vart han valt inn i Føderasjonsrådet. Frå 1998 til 2002 var han finansminister, frå då av innanriksminister.

Couchepin er gift med Brigitte Rendu, frå Frankrike. Dei har tre born.