Pascals kar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein illustrasjon av eit eksperiment med Pascals kar frå Naturkreftene av Amédée Guillemin (1872).

Pascals kar er eit apparat oppfunnen av Blaise Pascal til å vise det såkalla hydrostatiske paradokset. På den eine armen av ei vektstong har ein sett ei planslipt plate som blir trykt opp mot ein kort vertikal sylinder når den andre vektarmen blir belasta. På sylinderen kan ein skru røyr av ulikt vekt eller form. Det viser seg då at alle kar må fyllast med vatn til same høgd før botnplata gjev etter for trykket til vatnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]