Pascua Lama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pascua-Lama er eit gruveprosjekt som tek sikte på å hente ut gull, sølv, kopar og andre mineral. Pascua Lama ligg i Andesfjella, sør for Atacama, på grensa mellom Chile og Argentina, i ei høgde på over 4,500 moh. Utviklar er Barric Gold, verdas største gruveselskap med hovudkvarter i Toronto. På grunn av nærleiken til isbrear har Pascua Lama prosjektet vore møtt med motstand og demonstrasjonar i Chile. Likevel har både Chile og Argentina godkjent prosjektet, etter omstridde, men også grundige, miljøutreingar.

Det er estimert at Pascua-Lama har 482 tonn gull og 18 tusen tonn sølv med 75 % av avsetninga i Chile og 25% i Argentina. Gruva er planlagt å gravast som dagbrudd. Arbeidet tek til i 2013. Det er estimert at prosjektet på det meste vil skape arbeidsstad for 5 500 personar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]