Passacaglia og fuge i c-moll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Passacaglia og fuge i c-moll
BWV 582
Passacaglia og fuge av Johann Sebastian Bach
Sjanger Orgel
Periode Barokken
Komponert 1708-1712
Publiseringsdato 1867
Typisk lengd 13:49
Satsar 2

Passacaglia og fuge i c-moll (BWV 582) er eit orgelstykke av Johann Sebastian Bach. Det vart visstnok komponert tidleg i karrieren hans og er ein av dei mest kjende verka hans. Verket påverka mange passacagliaer på 1800- og 1900-talet:[1] Robert Schumann skildra variasjonane i passacagliaen som «fletta saman så genialt at ein aldri sluttar å forbause seg».[2]

Generell informasjon[endre | endre wikiteksten]

Det signerte manuskriptet av BWV 582 vert i dag rekna for tap. Verket, som er typisk for Bach og hans samtidige komponistar, er velkjend gjennom mange kopiar. Ein har funne nokre bevis som tyder på at orginalen vart notert i orgeltabulatur.[3] Ein kjenner ikkje til nøyaktig kva tid Bach komponerte verket, men i perioden mellom 1706 og 1713 er mest truleg. Han vart kanskje komponerte i Arnstadt like etter Bach kom attende frå Lübeck[3][4] (der han kan ha studert Buxtehude sine ostinatoverk).

Den første halvdelen av ostinatoen i passacagliaen, som òg fungerer som hovudtemaet i fugen, vart truleg teken frå eit kort verk av den franske komponisten André Raison, Christe: Trio en passacaille frå Messe du deuxieme ton i Premier livre d'orgue.[5][6] Det er mogeleg at den andre halvdelen av ostinatoen òg var frå Raison, basslinja Christe: Trio en chaconne frå Messe du sixieme ton i den same publikasjonen er særs lik.[5] Sjå Døme 1 for temaa til Bach og Raison.

Døme 1. Ostinatoen frå Bachs passacaglia er vist i midten, og temaet til Raison er vist over (Christe: Trio en passacaille) og under (Christe: Trio en chaconne). Sjølv om Trio en chaconne ikkje er identisk med temaet til Bach, har han liknande oppbygging og det same kvint-fallet på slutten.

Somme musikkforskarar meiner Raison ikkje påverka Bach her. Verket til Bach deler dei same trekka som andre nordtyske ostinato-verk, mellom anna Buxtehude sine to chaconner (BuxWV 159–160) og ein passacaglia (BuxWV 161) og det er ein klår påverknad frå Pachelbels chaconner i fleire variasjonar og i den heilskaplege strukturen.[7]

I populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Silbiger, Grove.
  2. Hans Theodore David, Arthur Mendel, Christoph Wolff. The New Bach Reader: A Life of Johann Sebastian Bach in Letters and Documents, 503. W.W. Norton, 1998. ISBN 0-393-31956-3
  3. 3,0 3,1 Williams, 182.
  4. Wolff, 94.
  5. 5,0 5,1 Williams, 183.
  6. Butler, Grove.
  7. Williams, 184–5.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]