Passatvind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For bilen sjå Volkswagen Passat
Passatvind er ein del av den atmosfæriske sirkulasjonen på jorda

Passatvind er eit vindmønster ein finn i tropiske strøk på begge sider av ekvator. Han er ein vedvarande vind som bles frå høgtrykk i subtropiske område til lågtrykksområdet rundt ekvator. Passatvinden bles hovudsakleg frå nordaust på nordlege halvkule og frå søraust på sørlege. Området der passatvindane rådar vert òg kalla passatbeltet.

Passatvindane som treffer havøyar fører ofte med seg orografisk heving og orografisk nedbør på vindsida av øyane. Dette fører som regel til at sida av øya som møter vinden har eit mykje våtare klima enn lesida av øya, som ligg i regnskuggen.

Årsak[endre | endre wikiteksten]

I området mellom 30°N og 30°S strøymer luft mot ekvator nær bakken og mot polane i høgda. Den intense soloppvarminga over ekvator fører til stigande luftrørsler her, som dannar eit lågtrykksområde med roleg vind nær ekvator kalla stillebeltet (doldrums). Den varme lufta stig til ho når tropopausen, og strøymer så horisontalt mot polane. Når denne lufta kjem til rundt 30°N og S er lufta blitt så pass avkjølt at ho søkk ned mot bakken igjen og dannar det subtropiske høgtrykksområdet. Den søkkande lufta her er relativt tørr fordi all fukt har regna ut nær ekvator. Overflatelufta strøymer så frå det subtropiske høgtrykksområdet mot ekvator, men blir avbøygd vestover på begge halvkuler på grunn av corioliskrafta. Denne luftstraumen blir altså kalla passatvinden. Passatvinden frå nordlege og sørlege halvkule møter kvarandre i stillebeltet.

Den nordlege halvkula[endre | endre wikiteksten]

den nordlege halvkula er passaten best utvikla over dei austlege områda av Atlanterhavet og Stillehavet, der han startar som ein nordnordaustleg vind med gradvis dreiing mot austnordaust lenger vest og nærare ekvator. I januar dekker passaten mesteparten av beltet frå kring 0° til kring 30 °N, i juli frå kring 10 °N til kring 35 °N.

Ein av dei mest kjende passatvindane er vinden alizé som er ein jamn og mild nordaustleg vind som bles over det sentrale Afrika og Karibia. Frå november til februar kan denne vinden føre med seg kjølige luftmassar.

Den sørlege halvkula[endre | endre wikiteksten]

Passaten på den sørlege halvkula syner tilsvarande trekk som på den nordlege, og bles frå sørsøraust og dreier austsøraust lenger nord og vest. Søraustpassaten dekker større delar av verdshava sidan han òg er velutvikla over Indiahavet, der han ligg kring 10 °S.

Austlege bølgjer[endre | endre wikiteksten]

På ekvatorsida av passatbelta er det variasjonar i vindfeltet i samband med trykkbølgjer som flyttar seg frå aust mot vest, så kalla austlege bølgjer. Dei kan òg oppstå på andre sida av belta og i sjeldnare tilfelle kan dei utvikle seg til tropiske lågtrykk eller orkanar i trykkbølgjene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«passat» i Store norske leksikon, snl.no.