Passbit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Metriske passbitar.

Ein passbit er ein nøyaktig handsam og herda stålbit som vert nytta til justering av instrument for lengdemåling. Passbitane har parallelle endeflater med nøyaktig utmålt avstand, og er så godt polerte at dei festar saman. For dei mest nøyaktige vert lengda gjeve i μm (mikrometer) med ein maksimal feil på 0,05 μm Passbitane ordnast i seriar av bitar med ulik lengd slik at ein ved kombinasjon kan oppnå den lengda ein måtte ynskja frå 0,5 mm og med ei nøysemd på 1 μm ved 100 mm. Dei første nøyaktige passbitseriane vart konstruert av den svenske oppfinnaren Carl Edvard Johansson, og passbitar blir difor ofte kalla Johanssons kombinasjonsmålarar eller Johanssons kalibrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]