Passepied

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Passepied (pasˈpje, fransk for forbigåande føter) er ein dans frå 1600- og 1700-talet med opphav i Bretagne. Uttrykket kan òg nyttast om musikken som dansen vart dansa til. Musikken er ein av dansesatsane i barokkmusikk og er nesten alltid todelt med eit raskt tempo og 3/8 eller 6/8 takt. Ein finn enkelte passepiedar i suitane til Händel (Water Music - Suite No. 1 i F) eller J.S. Bachs Ouverture i fransk stil for cembalo, der det finst to passpiedar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]