Passord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kort med fleire eingongspassord. Kvart passord er skjult av eit lag som kan skrapast av, og sluttar å verka etter at ein har brukt det ein gong.
Passord blir til dømes brukt for å identifisera seg som epostbrukar. På dataskjermar blir passord som regel skjulte, som her, i ei rad prikkar.

Passord er ei samling ord eller teikn som kan brukast som identifikasjon eller til å gjeva nokon tilgang til avstengde område eller system. For at det skal verka må passordet vera kjend av to eller fleire personar eller system, og ukjend for andre.

Historisk har ein brukt passord i samband med militære og vakthald, til dømes i den romerske hæren. I moderne tid har ein særleg brukt passord i samband med elektroniske tenester, til dømes banktenester, datanettverk og mobiltelefonar

Eit passord kan bestå av teikn som tal og bokstavar. Det kan innehalda verkelege ord eller vera ei teiknsamling utan meining. Jo vanskelegare det er å gjetta kva passordet er, jo sikrare reknar ein det. På den andre sida bør passordet vera enkelt nok til å kunna hugsast slik at ein ikkje treng skriva det ned og slik gjera det mykje mindre sikkert. Det er også gjort forsøk med biletpassord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]