Pasta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pastamåltid.
Tilverking av fersk pasta
Pastaskjel fylte med ricottaost og spinat og dekte med tomatsaus.

Pasta er eit næringsmiddelprodukt som er laga av ein deig av mjøl (anten av vanleg kveite eller durumkveite) og vatn. Han kan óg vere tilsett andre ingrediensar som gjev farge, smak eller andre eigenskapar til pastaen. Mest vanleg er det å tilsette egg og salt. Pastapakkar kan fyllast med ulike matvarer som ost eller spinat eller fargast med råvarer som tomat, spinat og blekksprutblekk.

Ordet pasta kjem frå italiensk og tyder 'deig', på italiensk brukar ein òg ordet om små kaker.

Produktet blir ofte seld i tørka tilstand, då med eit vassinnhald på om lag 7 %, men kan òg seljast fersk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er mange land som hevdar at pasta stammar frå dei, og truleg har pasta oppstått fleire stader i verden, uavhengig av kvarandre. Nokre kjelder seier at det var Marco Polo som tok pastaen med seg frå Austen til Italia1200-talet, men dette er ikkje rett. Kineserane åt nudlar så tidleg som 200 f.Kr.

Før pastaen vart korn spist anten som graut eller ein slags korndeig, eller han vart steikt til brød om dei hadde omnar eller eld til å steike brød. Pasta hadde den fordelen at han kunne etast utan at dei hadde omn eller nok ved. Pasta gjer difor høgare næringsverdi i forhold til arbeidsinnsatsen enn brød. Tørka pasta kan òg oppbevarast lenge om han blir halden tørr.

Det tidlegaste funnet i Europa er hjå etruskarane (Italia), der utgravingar frå det 4. hundreåret f.Kr. visar at dei åt pasta. I nærleiken av landsbyen Lajia ved elva Huang He i Kina har ein i arkeologiske utgravingar funne pasta frå om lag år 2000 f.Kr. Lajia vart i sin tid ramma av eit jordskjelv og deretter ei flodbølgje, men den pastaen som vart funne her låg under ei leirkrukke som låg opp ned, begravd i løss. Nudlane vart funne av arkeologen Houyuan Lu, og dei hadde ein lengde på om lag ein halv meter og ein diameter på om lag 3 mm. Dei var laga av hirse.

I utgravingane etter vulkanen Pompeii har ein òg funne reiskapar som truleg har vore bruka til å laga pasta, saman med andre kinesiske reiskapar. Handel med Kina gjekk om silkevegen, som vart forlenga til Roma i år 30 f.Kr.. Dette motbeviser at Marco Polo tok med pastaen til Italia, sjølv om han truleg tok med seg nye oppskrifter frå Kina, og kan hende òg bidrog til pastaens popularitet i Italia.

Thomas Jefferson, USAs tredje president, var òg oppfinnar, og tok med seg den første makaroni-maskina til USA i 1789, då han kom heim etter ei tid som ambassadør i Frankrike.

Pasta-variantar[endre | endre wikiteksten]

Stripa pasta.
Foto: Janet Hudson

Hovudingrediensen er durumkveite, som gjer pastaen eit høgt innhald av protein og karbohydratar, og eit lågt innhald av stivelse. Den bidreg òg til at pastaen ikkje klistrar etter koking.

I Austen brukar ein mykje nudlar, der deigen kan lagast av både kveite, mais, ris og bønner.

Pasta kan òg lagast av spelt, eller bokkveite som t.d. Pizzoccheri.

I tillegg finst pasta i ulike variantar som:

  • fersk eller tørka
  • fylt eller ikkje fylt
  • farga eller ikkje farga

I nokre tilfelle kan pastadeigen òg tilsettast B-vitamin, jern eller protein.

Pasta og matlaging[endre | endre wikiteksten]

Pasta brukast svært mykje i store delar av verda, mellom anna fordi han er lett å tilverke, og at han er svært variert i form og farge, og dermed bruksesområde.

Kritikken mot pastaen er at den har høgt innhald av karbohydrat.

Pasta kokast gjerne al dente ('til/for tanna'), det vil seie at pastaen skal gjere litt motstand når ein tygg han.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bilete av forskjellige pastatypar med italienske namn. Klikk på bileta for å sjå dei i full storleik.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pasta