Patogenitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Patogenitet eller patogenisitet er den potensielle evna ulike mikrobeartar og virus har til å valda sjukdom. Patogenitet er kjenneteikna av komplekse patogene eigenskapar som utviklar seg gjennom kampen for tilværet.

Patogen er kjenneteikna av visse verknadsmekanismar. Alle artane er i stand til å valda ulike infeksiøse prosessar. Omgrepa «patogenitet» og «virulens» blir ofte nytta om einannan, sjølv om virulens meir spesifikt skildrar den relative grada av skade som patogenet har påført, eller grada av patogenitet ein organisme potensielt kan påføre.

Eit patogen vert til dels skildra gjennom virulens ved si evne til å produsere toksin, infiltrere vev, kolonisere verten, kapre næringsstoff, og dempe immunresponsen til verten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.