Patrick Thoresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patrick Thoresen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1983 (40 år)
Oslo
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2018, Ishockey-VM 2019

Utmerkingar

Gullpucken, Gullpucken

Patrick Thoresen (fødd 7. november 1983) i Oslo) er ein norsk ishockeyspelar. Han signerte kontrakt med NHL-klubben Edmonton Oilers 1. juni 2006, og kan verte den femte nordmannen som spelar i den amerikanske ligaen. Patrick er son av Petter Thoresen og bror til Steffen Thoresen, begge ishockeyspelarar.

Thoresen spela på aldersbestemte lag i Storhamar fram til han som 15-åring vart teken opp i A-stallen i 1999. Her vart han klubbens yngste debutant nokon sinne, og dessutan yngste målskårar då han skåra i november same år. Han har òg vunnet noregsmeisterskapen med klubben.

Då han var 17 år gamal reiste han til Canada og spela i QMJHL, den beste juniorligaen i verda. Han noterte seg for 30 mål og 73 poeng på 60 kampar for Moncton og 33 mål og 108 poeng på 71 kampar med Baie Comeau. Etter to år reiste han til Sverige og Allsvenskan, nivå to i svensk ishockey, der han utmerkte seg som ein av dei beste spelarane i Mörrum. Etter berre eit halvt år i Mörrum vart han henta av eliteserieklubben Djurgården I.F., og var også her ein av dei beste spelarane i klubben.

Før VM i ishochey 2006 vart det bekrefta at Thoresen hadde fått tilbud om kontrakt frå NHL-klubben Tampa Bay Lightning. Dette vart avslått som for dårleg. Etter godt spel i VM kom nye tilbud, og 1. juni 2006 var kontrakten mellom Thoresen og Edmonton Oilers formelt signert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]