Patriotisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Patriotisme (av lat. patria «fedreland’) tyder fedrelandskjærleik eller nasjonalisme. Ordet patriotisme vart særleg teke i bruk etter den franske revolusjonen i 1789 og blir oftast bruka om ei kjensle av kjærleik, tilknyting og pliktkjensle i høve til sitt eige land (politisk patriotisme), si eiga folkegruppe (etnisk patriotisme) eller sin eigen kultur (kulturell patriotisme). Politisk, etnisk og kulturell patriotisme vart under nasjonalromantikken1800-talet knytt opp til idéen om den politisk, etnisk og kulturelt homogene nasjonalstaten og kan i den samanhengen sjåast som meir eller mindre synonym til nasjonalisme.

I overført tyding brukar ein òg ordet i samband med lokaltilknyting, eller lokalpatriotisme.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.