Patronymikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Patronymikon, eller patronym, tyder farsnamn. Det er namn som består av fars førenamn pluss ei ending. På norsk er endinga vanlegvis -sen, -(s)son, -(s)sønn, -(s)datter eller -(s)dotter.

Alle som har eit patronymikon, har eit personnamn i tillegg. I Noreg må dei (etter at namnelova kom i 1923) dessutan ha eit slektsnamn.

I store delar av verda har alle patronymikon som ein del av namnet sitt. I Russland presenterer folk seg alltid med både personnamn og patronymikon. Heiter ein person til dømes Raisa Nikolajevna Koshkina, veit du at personnamnet til faren hennar er Nikolaj.

Frå midten av 1800-talet var det somme i Noreg som valde å føra patronymikonet sitt vidare som etternamn, både til søner og døtrer. Desse fekk dermed farfaren sitt personnamn pluss -sen som slektsnamn. (I dag er Hansen det vanlegaste etternamnet i Noreg.)

Sjå òg metronymikon og parentonym.