Patt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Svarts konge er patt

Patt er ei stilling i sjakk der spelaren som er i trekket ikkje står i sjakk, men ikkje kan gjere noko lovleg trekk. Ei pattstilling avsluttar partiet med ein gong, med remis (uavgjort) som resultat.

I stillinga til høgre er svart i trekket. Kongen er sett patt. Patt kan vere ein viktig ressurs i sluttspelet for den spelaren som er i ferd med å tape. Denne stillinga i diagrammet er også eit eksempel på at i sluttspelet så kan ein bonde kan vere like mykje verdt som ei dronning. I denne stillinga, fordi den kvite kongen står så langt unna og ikkje kan hjelpe til, så kan kvit like gjerne akseptere patt sjølv om han var i trekket og kunne oppheve patten: Alternativet er å tillate at bonden går inn og blir dronning - med ei heilt lik stilling og remis som resultat. Pattstillinger av denne typen kan ofte redde ein spelar frå tap i ei til synes håplaus stilling.

a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Gelfand mot Kramnik. Svart i trekket.

Patt kan også oppstå med fleire brikker på brettet. Stillinga til venstre oppstod i partiet mellom Gelfand og Kramnik i 1994. Kramnik med dei svarte brikkene er i trekket. Han ligg under med to bønder og er på defensiven, og ville vere svært nøgd med uavgjort. Han spelte 67...Dc1! (sjå sjakknotasjon). Viss kvit no tar det svarte ubeskytta tårnet med 68.Dxd8, har svart eit pattforsvar med 68...Dh1+ 69.Kg3 Dh2+!, som tvingar kvit til å ta dronninga, slik at stillinga blir patt. (I partiet spelte Gelfand i staden 68.d5, men måtte likevel nøye seg med poengdeling.)

Ei brikke som blir ofra på denne måten for å skape ei pattstilling, kan kallast ein desperadobrikke. Det er mange eksempel på at spelarar har unngått å tape ved pattkombinasjonar.

Her har vore fleire ulike reglar om kva resultatet skal bli når ei pattstilling har oppstått. I shatranj, som var ei tidleg form for sjakk, var det ein siger for den som sette patt. I England var patt faktisk ein siger for den som blei sett patt. I Spania på 1700-talet var patt ein halv siger for den som sette patt. I austre Asia fram til tidleg på 1900-talet var patt forbode, og eit trekk som sette ein motstandar patt var derfor ulovleg. Regelen om at patt var remis blei først vanleg akseptert i Europa på 1800-talet.

Den amerikanske problemisten Sam Loyd laga eit par partikonstruksjonar med patt. Den første viser ei av dei pattstillingane som som kan oppstå raskast: 1.e3 a5 2.Dh5 Ta6 3.Dxa5 h5 4.Dxc7 Tah6 5.h4 f6 6.Dxd7+ Kf7 7.Dxb7 Dd3 8.Dxb8 Dh7 9.Dxc8 Kg6 10.De6 patt. Den andre viser at patt kan skje med alle brikkene på brettet: 1.d4 d6 2.Dd2 e5 3.a4 e4 4.Df4 f5 5.h3 Le7 6.Dh2 Le6 7.Ta3 c5 8.Tg3 Da5+ 9.Sd2 Lh4 10.f3 Lb3 11.d5 e3 12.c4 f4 patt.