Pattedyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pattedyr

Mammal Diversity 2011.png

Vitskapleg namn
Mammalia
Utbreiing
Område: Heile jorda
Habitat: marint, limnisk og terrestrisk
Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underklassar
  • Prototheria
Kloakkdyr (Monotremata)
  • Theria
Pungdyr (Marsupialia)
Placentale pattedyr (Eutheria)

Pattedyr (Mammalia) er ein dyreklasse innan zoologien som høyrer til virveldyra. Det finst over 5 000 nolevande artar av pattedyr, mellom anna mennesket, og ein finn representantar for klassa i nær sagt alle økosystemjorda. På grunn av storleiken til dei fleste pattedyra utgjer dei ein vesentleg del av biomassen i dei fleste lokale faunaer.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Det finst ei rekke felles kjenneteikn hos pattedyr:

Opphav og utvklingsstadium[endre | endre wikiteksten]

Pattedyra stammar frå amniote krypdyr. Strukturer av øvre delar av kraniefunn har gjort det mogleg å identifisere tre hovudgrupper som byrja spalte seg av i karbontida i Paleozoikum:

Paleozoikum[endre | endre wikiteksten]

Synapsidene var kjenneteikna med eitt par opningar i kranietaket for feste av tyggemusklar. Dette var òg den første gruppa av amniotar som spreidde seg til landjorda. Dei første synapsidane utvikla seg vidt ut i herbivore og karnivore former som har fått samlenamnet pecylosauriar.

Frå ei anna tidleg gruppe av karnivore synapsidar kom dei første forløparane til pattedyra, therapsidane. Desse var den einaste gruppa av synapsidar som overlevde Paleozoikum og utvikla seg vidare. Dei fleste var små, men nokre var opp til fire meter. Therapsidane er dei første med ein effektiv gange på meir rette ekstremitetar festa under dyret. Sidan stabiliteten vart redusert når dyret heva seg over bakken, utvikla cerebellum (muskelkoordineringssenteret) i hjernen seg mykje. Kranieform og muskelsystemet i kjeven forandra seg mot auka effektivitet i næringsopptaket.

Therapsidane utvikla seg i talrike herbivore og karnivore former, men dei tidlegaste formene døydde ut i den store utdøyingsperioden i enden av perm. Tidlegare vart pelycosauriar og therapsidar omtala som «pattedyrliknande krypdyr», men dette gjer ein ikkje lenger sidan dei ikkje er ein del av den eigentlege krypdyrlinja.

Mesozoikum[endre | endre wikiteksten]

Ei therapsid gruppe av kjøttetande og pattedyrliknande krypdyr som overlevde inn i mesozoikum var cynodontane (Cynodontia). Desse utvikla fleire nye trekk som ein finn att hos pattedyr av i dag, mellom anna viktige endringar i skjelettet og sekundært ganetak som gjorde det mogleg å puste sjølv om det heldt eit byttedyr i munnen, tygde mat eller saug mjølk av mora. Innanfor den mangfaldige cyodontforgreininga var det ei lita gruppe kjøttetarar kalla trithelodontider som likna mest på dei etterfølgjande pattedyra.

Dei første pattedyra som utvikla seg i sein trias var små spissmus-liknande dyr med stort kranium, kjeve med ny form og ein ny type difydont tannsett der tennene berre vart skifta ut ein gong. Til samanlikning hadde dei tidlegare og meir primitive amniotane eit polyfyodont tannsett med kontinuerleg utskifting av tennene gjennom heile livssyklusen. Den forandra kjeveutforminga resulterte i at enkelt knoklar frå kjeveopphenget vart vidare redusert og hamna til slutt i mellomøret som øyreknoklar. Ein reknar med at dei første pattedyra var endoterme, men med lågare kroppstemperatur enn dei moderne placentale pattedyra.

Hår eller pels hadde ein viktig funksjon som isolasjon. Dette tyder på at talg- og sveittekjertlar må ha utvikla seg samstundes for å smørje håra og gi auka varmetap når det var naudsynt.

Ein trur dei tidlegaste pattedyra klekka ut ungane frå egg i lite utvikla form slik at dei var avhengige av morsmjølk, varme og skydd. Denne forma for reproduksjon ser vi i dag berre hos monotrematane nebbdyr og maurpiggsvin.

Kenozoikum[endre | endre wikiteksten]

Allereie midt i trias hadde dei tidlege pattedyra utvikla nesten alle dei nye trekka som ein finn hos moderne pattedyr. Det gjekk likevel nærare 150 millionar år før dei breidde seg ut i stort mangfald. Dette fenomenet trur ein skuldast at pattedyra i byrjinga levde «i skuggen av» dinosaurane. Medan dinosaurane var talrike og i stort artsmangfald, døydde alle grupper av synapside amniotar ut - med unntak av pattedyra sine forløparar. Dei spissmusliknande pattedyrartane som overlevde var sannsynlegvis nattlege arter.

Det var ikkje før i krit, og særleg i den seinare eocentida som byrja for 54 millionar år sidan, at den raske utbreiinga av dei «moderne» gruppene starta. Denne utviklinga i kenozoikum kan delvis forklarast med den store mengda tomme habitat som stod att etter dei utdøydde amniote gruppene mot slutten av krit.

Vilkåra for at desse gruppene av dyr greidde å utvikle seg i stor stil var at dei hadde stor rørsleevne, var endoterme, hadde utvikla ei form for «intelligens», var tilpassingsdyktige, fødde levande ungar som dei tok seg av (yngelpleie) og som ernærte seg av mjølk som hodyra sjølv produserte.

Det var ikkje lenger nok å legge egg i reir og la ungane skaffe seg føde frå det ytre miljøet som einaste reproduktive taktikk.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Klassifiseringa av dyr og planter har gjennomgått mange endringar etter Carl von Linné sin opphavlege taksonomi i Systema naturae frå 1735. For pattedyr nyttar lærebøkene i stor grad klassifiseringa til George Gaylord Simpson frå 1945 og McKenna & Bell sin revisjon av Systema naturae som vart etablert i 1997. Med moderne DNA-analyse har ein òg kunna finne ny informasjon om kva slektskap og opphav dei ulike artane har.

Underklasser og ordenar[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har pattedyr vore delt inn i dei følgjande tre underklassene:

Nemninga placentale pattedyr tyder «pattedyr med morkake», frå det latinske ordet for kake, placenta. Pungdyr har faktisk både livmor og morkake og ein har etterkvart kome fram til at skilnaden mellom pungdyr og dei andre pattedyra som føder levande ungar elles er liten. I moderne taksonomi er difor pungdyr og placentale pattedyr er slegne saman i ei felles underklasse Theria.

Ei moderne klassifisering av pattedyr i underklasser med tilhøyrande ordenar ser difor slik ut:,[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Artsdatabanken: Artsnavnebasen Mange artsnamn blei forandra september 2009

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pattedyr