Paul A. Rothchild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul A. Rothchild

Fødd18. april 1935
FødestadBrooklyn
Død30. mars 1995 (59 år)
DødsstadHollywood
OpphavUSA
Aktiv1960–1995
Sjangerrock
Verka sommusikkprodusent, komponist

Paul A. Rothchild (18. april 193530. mars 1995) var ein amerikansk plateprodusent, vidkjend for sitt arbeid frå 1960- og 1970-åra. Han er kjend som produsent for artistar som The Doors, John Sebastian, Joni Mitchell, Neil Young, Tom Paxton, Tom Rush og Janis Joplin.

Rothchild var fødd i Brooklyn i New York og voks opp i Teaneck i New Jersey. Han starta karrieren sin i Boston, der han stod for innspelingar og utgjevingar av lokale folkemusikkartistar. I 1963 blei han tilsett som plateprodusent i Elektra Records, og byrja eit tett samarbeid med lydteknikarane Bruce Botnick, John Haeny, Fritz Richmond og William Gazecki.

Særleg merksemd retta Rothchild mot musikkmiljøet i Los Angeles. Han stod mellom anna for innspelinga av første demoen til Crosby, Stills & Nash. Han «oppdaga» The Doors under eit besøk på Whisky a Go Go 10. august 1966, og bandet skreiv platekontrakt med Elektra Records ei veke seinare.

Paul Rothchild er mest kjend som produsent av dei første fem albuma til The Doors. Han trekte seg frå arbeidet med det sjette albumet til bandet, L.A. Woman, etter at han høyrde låtene og meinte det var «cocktail-musikk». Han produserte òg album og singlar for John Sebastian, Joni Mitchell, Neil Young, Tom Paxton, Fred Neil, Tom Rush, The Paul Butterfield Blues Band, The Lovin' Spoonful, Tim Buckley, Love, Clear Light, Rhinoceros og Janis Joplin, medrekna hennar einaste listetoppar «Me and Bobby McGee» og det siste albumet hennar, Pearl.

Produsenten stod òg for filmmusikkenen til The Rose som var basert på livet til Joplin, og produserte filmmusikken til The Doors-filmen til Oliver Stone frå 1991. Han hadde ein liten opptreden i filmen, men rolla som Rotchild sjølv blei spelt av Michael Wincott.

Paul A. Rothchild døydde av lungekreft i 1995, 59 år gammal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]