Paul Bley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paul Bley

Paul Bley (fødd 10. november 1932) er ein kanadisk pianist innan frijazz og Modern Creative sjangrane. Han har budd og virka i USA i lengre tid.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Paul Bley blei fødd og voks opp i Montreal. Han lærte å spele fele frå 1938 og piano frå 1940. Han avslutta sin musikalske utdanning ved McGill Conservatory allereie som elleve-åring i 1944. I 1948 blei han kjent med Oscar Peterson i heimbyen Montreal og han hjelpte Bley til jazzscena. Bley leia Montreal Jazz Workshop som fekk musikarar som Charlie Parker og Sonny Rollins til Montreal.

I 1950 reiste Bley til New York der han studerte på Juilliard School of Music til 1954. I studietida dreiv han omfattande konsertaktivitet og reiste på turnear med Art Blakey, Louis Armstrong og andre. Han arbeidde mykje med Lennie Tristano sitt konsept og takka vere Charles Mingus fekk han sjansen til å spele inn debutalbumet sitt.

1956 blei Bley kjent med Carla Borg som han gifta seg med tre år seinare. Under namnet Carla Bley har ho sjølv skapt seg eit namn i jazzverda. Dei arbeidde saman i knapt ti år. Bley budde i Los Angeles i 1957–59 og spelte da ikkje berre med Chet Baker, men òg med dei den gongen ukjente musikarane Ornette Coleman og Don Cherry. I 1959 reiste han tilbake til New York der han blei med i Jimmy Giuffre Trio saman med klarinettisten Jimmy Giuffre og bassisten Steve Swallow. Frå 1963 var han eit år i gruppa til Sonny Rollins.

Ved sida av engasjementa med dei andre store jazznamna hadde Bley i 1960-åra sin eigen trio med bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian. I det turbulente og eksperimentvillige jazzmiljøet på første halvdelen av 1960-åra forsøkte Paul Bley i lag med bassisten Scott LaFaro og musikarar som Don Cherry, Billy Higgins, Charlie Haden, Albert Ayler og Ornette Coleman å finne fram til friare musikalske uttrykksformer. Konsertane deira blir rekna som vogga til frijazzsjangeren. Paul Bley skulle bli ein av dei viktigaste pianistane innan denne sjangeren.

På slutten av 1960-åra dukka Annette Peacock opp som den nye venninna til Bley; ho arbeidde for han som komponist og dei stod på scena saman. I 1968 brukte Bley synthesizer for første gong, og som første jazzgruppe sette han saman med trioen opp eit stort elektronisk liveshow (i Philharmonic Hall i New York City). Resultatet blei Bley-Peacock Synthesizer Show.

Frå 1971 satsa Paul Bley meir på soloframsyningar og han reiste på ny på konsertturnear til Europa. Han spelte inn det første soloalbumet i 1972. I 1974 grunnla han platemerket Improvising Artists Inc. (IAI) saman med videokunstnaren Carol Goss som illustrerte konsertane til Bley med eigne filmsekvensar. Ved sida av å gi ut eigne soloinnspelingar med synthesizer dokumenterte IAI òg ei mengd andre musikarar. Blant andre fekk Pat Metheny platedebuten sin på IAI. Bley har gitt ut rundt 100 album på IAI, ofte med medmusikarane frå 1960-talet, Giuffre, Swallow, Peacock og Motian.

Paul Bley har konsertert i Europa ei rekke gonger, blant andre med Evan Parker og Barre Phillips.

I 1999 kom Bley med ein sjølvbiografi, Stopping Time og i 2003 kom det ut ei intervjubok under tittelen Time will tell.

Diskografi i utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]