Paul Carrack

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Carrack

Paul Carrack, 2009
Fødd22. april 1951
FødestadSheffield
OpphavSheffield i England
Aktiv1960-åra til i dag
SjangerBlue eyed soul
Poprock
InstrumentSynging, klaverinstrument, gitar
PlateselskapVertigo Records
Chrysalis Records
Columbia Records
Ark 21 Records
Compass Records
Verka somgitarist, songar, pianist, låtskrivar

Paul Melvyn Carrack (fødd 22. april 1951) er ein engelsk songar, låtskrivar og multi-instrumentalist. Carrack har vore medlem av fleire band, som Ace, Squeeze, Mike + The Mechanics og Roxy Music, og han har spelt i studio og turnert med mange artistar, som Nick Lowe, i tillegg til at han har hatt ein suksessrik solokarriere på eiga hand.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Platekarrieren til Carrack starta med jazzrockbandet Warm Dust, som gav ut tre album mellom 1970 og 1972. Carrack spelte keyboard i bandet, og stundom andre instrument. Etter at Warm Dust vart oppløyst, danna Carrack og Warm Dust-bassisten Tex Comer pubrockbandet Ace. Carrack både skreiv og song på «How Long?», debutsingelen til Ace som vart ein hit i både Storbritannia og USA i 1975. I 1977 vart Ace oppløyst og Carrack byrja å arbeide som musikar for Frankie Miller. Han vart så medlem av Roxy Music, og spelte keyboard på gjenforeiningsalbumet deira frå 1979, Manifesto. Carrack spelte òg på dei to neste Roxy Music-albuma, men som studiomusikar, ikkje bandmedlem.

Kort tid etter han forlet Roxy Music som bandmedlem, gav han ut det første soloalbumet sitt i 1980, Nightbird. Det selde dårleg. I 1981 vart Carrack med i Squeeze som erstattar for Jools Holland. Denne besetninga fekk internasjonal suksess med East Side Story, med Carrack som vokalist på songen «Tempted», den største hitten deira i USA på denne tida. I 1982 hadde Carrack gått frå bandet og vart erstatta av Don Snow.

Frå seint i 1981 slo Carrack seg saman med Nick Lowe, og bandet hans akkompagnerte både Carrack og Lowe på kvar sine soloalbum. Bandet vart kalla Noise To Go. Carrack jobba òg i denne tida som studiomusikar for The Smiths og The Pretenders.

I 1985 vart Carrack kontakta av Mike Rutherford (frå Genesis) som bad han med i det nye sideprosjektet sitt Mike + The Mechanics. I 1986 vart Carrack medlem av det nye bandet til Roger Waters, The Bleeding Heart Band, og spelte på filmmusikkalbumet When the Wind Blows. Året etter gav Waters (framleis med Carrack) ut soloalbumet Radio KAOS og turnerte i USA og Europa. Carrack heldt fram solokarrieren sin i 1987 med hitalbumet One Good Reason og hitsingelen «Don't Shed a Tear», som nådde 9. plass i USA. Frå den tid har Carrack heldt på med både solokarrieren og karrieren med Mike + The Mechanics.

I 1990 spelte Carrack på The Wall Live in Berlin føre 250 000. Han song «Hey You» og deltok på «The Tide Is Turning». I 1993 danna Carrack i lag med bassisten Tony Levin, trommeslagar Steve Ferrone, gitarist Phil Palmer og keyboardist/produsent Rupert Hine i bandet Spin 1ne 2wo.

I 1993 kom Carrack attende til Squeeze og albumet Some Fantastic Place. Carrack har halde fram solokarrieren inn i 2000-åra.

Studioarbeid[endre | endre wikiteksten]

Carrack har spelt på mange prosjekt. Nokre av desse er:

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1980 Nightbird
  • 1982 Suburban Voodoo - (US #78)
  • 1987 One Good Reason - (US #67)
  • 1989 Groove Approved - (US #120)
  • 1996 Blue Views - (UK #55)
  • 1997 Beautiful World - (UK #88)
  • 2000 Satisfy My Soul - (UK #63)
  • 2001 Groovin'
  • 2002 Still Groovin -
  • 2003 It Ain't Over - (UK #193)
  • 2005 A Soulful Christmas - [Paul Carrack & The SWR Big Band]
  • 2005 Winter Wonderland - [Paul Carrack & The SWR Big Band]
  • 2007 Old, New, Borrowed and Blue
  • 2008 I Know That Name - (UK #152)
  • 2010 A Different Hat - (UK #178) - [Paul Carrack with The Royal Philharmonic Orchestra]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]